Publisert: , Oppdatert:

Banebrytande sjømerking på Mørekysten

Gå til mediasiden og last ned originalfiler

Denne veka vert farleia over Lepsøyrevet merka. Kvart av dei åtte sjømerka veg 430 tonn!

– Det er første gongen slike merker vert brukt i Norge, og det er dei desidert tyngste merka vi har sett ut, fastslår prosjektleiar Thommy Dahl Olsen i Kystverket.

Merka har ei 1,25 meter høg botnplate i betong på 10 ganger 10 meter (altså 100 kvm), der det er plassert eit 17 meter høgt tårn på. Når betongfundamentet er sett ut skal det monterast ein såkalla HIB (hurtigbåtmerke med indirekte belysing) på toppen. Betongfundamenta er produsert i Søvik på Sunnmøre. Kvart fundament veg 430 tonn og blir transportert ut til Lepsøyrevet med ein kranbåt, "Uglen", som har over 600 tonn løftekapasitet.

– Vi har utdjupa leia over Lepsøyrevet til 11 meters djupne i 100 meters breidde og om lag 2 km lengde. Dei åtte merka blir plassert i ytterkant av denne renna. Årsaken til at denne løysinga vart valgt er at botnen består av fast morene, med stor avstand til fjell. Sidan det då er vanskeleg å fundamentere merka i fjell, valde ein ei løysing med å sette ned solide betongfundament som  står på morenebotnen, forklarar Thommy Dahl Olsen.

Det er Secora AS som er entreprenør for udjupinga av leia, medan Sjøentreprenøren AS er entreprenør for bygging og utsetting av dei åtte betongfundamenta. HIB-ane er det Kystverket sjølv som monterer.

Prosjektet har ein planlagd kostnad på om lag 90 millionar kroner, og den offisielle opninga av den utbetra farleia skal skje 20. september.

Kontaktpersonar:

Prosjektleiar Thommy Dahl Olsen, tlf. 932 17 949
Senioringeniør Terje Misund, tlf.  902 08 480

For bilete i høg oppløysing sjå Kystverket si Flickr-side

Siste nytt