Publisert: , Oppdatert:

Lastebåt gjekk rett på Lepsøyrev-merke

Eit av dei splitter nye sjømerka på Lepsøyrevet blei torsdag ettermiddag påkøyrd og øydelagt.

Denne veka har sjømerka for leia over Lepsøyrevet blitt sett ut. Få timar etter at det siste av dei åtte merka var på plass i går ettermiddag, blei det eine av dei påkøyrd av ein lastebåt. Korkje personskade eller miljøforureining oppsto som følge av hendinga, berre skadar på fartøy og merke.

Fartøyet var på veg nordover i tett tåke då det køyrde på det første merket på babord side av leia. Betongelementet som merket er plassert på knakk to meter under vassflata.

– Kranbåten "Uglen", som har blitt nytta til å plassere ut dei 430 tonn tunge betongfundamenta, har blitt bedt om å returnere til Lepsøyrevet slik at vi får fjerna det øydelagde merket. Medan det blir reparert vil ei stakebøye bli lagt ut som reservemerke, fortel fungerande regiondirektør Børre Tennfjord i Kystverket Midt-Norge.

Sjøfarande er varsla om merkearbeidet, både gjennom avisannonser og i Etterretninger for sjøfarende (Efs), i tillegg til aktiv varsling gjennom Florø radio (CH 16 på VHF) annankvar time så lenge arbeidet har pågått. I varsla har småbåttrafikken blitt bedt om å halde avstand, medan større skip har blitt bedt om å gå i leia vest for Lepsøya.

Kontaktperson:

Fungerande regiondirektør Børre Tennfjord, tlf. 902 28 209

Siste nytt