Publisert: , Oppdatert:

Nordisk kystkulturkonferanse i Bergen

Direktoratsgruppa for kystkultur, som består av den norske Riksantikvaren, Norsk kulturråd, Fiskeridirektoratet og Kystverket, inviterer til nordisk kystkulturkonferanse om sjømat og kulturarv. Konferansen vert arrangert på Clarion Hotel Admiral i Bergen onsdag 6. til fredag 8. juni 2012.

Formålet med konferansen er å styrke kunnskap og bevisstheit om sjømaten si kulturhistorie og vise korleis historiske forteljingar, tradisjonskunnskap og kulturminne knytt til fangst, foredling og omsetnad av sjømat er ein ressurs både for sjømat- og tenestenæringane, reiseliv og for lokal og regional utvikling.

Konferansen tek mellom anna føre seg viktige tema som:
• likskapar og ulikskapar i den nordiske sjømatkulturen
• sjømat og kulturminne
• sjømat og kulturmøte
• utfordringar i dei nordiske kystsamfunn
• den historiske sjømatkulturen som ressurs for lokal og regional utvikling
• nytt nordisk kjøkken med røter i historiske tradisjonar

Naturleg utviding

Direktoratsgruppa har arrangert nasjonale kystkulturkonferansar i ti år. Men sidan Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i år, fann ein det naturleg å utvide til ein nordisk kystkulturkonferanse. Nordiske samarbeidspartnarar er Fiskeri- og Søfartsmuseet i Esbjerg, Stefansson Arctic Institute i Akureyri og Fishernet (NORA-samarbeidet) ved Museene for kystkultur og gjenreisning/Nordkappmuseet. Lokale medarrangørar er Museum Vest, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Norsk Sjømatsenter. Stiftelsen Norsk matkultur og prosjektet Ny nordisk mat har gitt råd om servering og presentasjon av nordiske sjømatprodukt. Konferansen vert gjennomført med stønad frå Nordisk ministerråd ved det nordiske fiskerisamarbeidet (AG-Fisk).

Bruk eige skjema for påmelding

Konferansen vert halden på Clarion Hotel Admiral i Bergen. Det er laga eit eige skjema for påmelding (sjå til høgre). Påmeldingsfristen er 31. mai 2012.

Alle delarrangement inkludert matservering vert dekka av ei deltakaravgift på kroner 850,-. Reise og overnatting må deltakarane syte for sjølve.

Mange godbitar

Av dei mange rosinene i programpølsa kan ein nemne ekskursjon til Øygarden, omvisning på Bryggen og foredrag som spenner frå kvalfangst og champagne til lakseeksport og EUs hygienedirektiv.

Konferansen vert opna av fiskeridirektør Liv Holmefjord og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, og held fram med foredrag om framtidas sjømatnæring av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Konferanse, torgdagar og kystens dag

Fredag 8. juni glir konferansen over til å markere torgdagane i den nye mathallen på fisketorget. Konferansen vert avslutta fredag 8. juni klokka 15.00, men laurdag 9. juni kan ein vere med på markeringa av Kystens dag, der årets hovudmarkering er i Bergen. Program for denne markeringa finn du på www.kystensdag.no.

Fakta

Program og påmeldingsskjema

Vi tek atterhald om mindre justeringar.

Påmeldingsfrist 31. mai 2012.

Opplysningar om konferansen finn du også på Fiskeridirektoratet si nettside www.fiskeridir.no.

Send gjerne invitasjonen vidare til andre som kan vere interessert i å delta på konferansen!

Siste nytt