Publisert: , Oppdatert:

Kystkulturkonferanse i Tromsø!

”Attraksjonskraft Nord-Norge” er tittelen på ein nasjonal kystkulturkonferanse som går av stabelen i Tromsø 23.–25. april 2013. Arrangør er direktoratsgruppa for kystkultur, som er samansett av representantar frå Kystverket, Fiskeridirektoratet, Riksantikvaren og Norsk kulturråd.

Direktoratsgruppa for kystkultur arbeider for å synleggjere kystkulturen som ei kjelde til kunnskap, opplevingar og verdiskaping. Det gjer den mellom anna gjennom å legge til rette for møteplassar og nettverksbygging der fokuset er på erfaringsutveksling og kompetanseutvikling.

– Kystkulturkonferansane som gruppa har arrangert dei siste ti åra har lagt til rette for eit landsdekkande nettverk av kystkulturaktørar. Det har ikkje minst bidratt til å auke kompetansen om kystkultur i etatane, og har vore medverkande til etablering av lokale og regionale kystkulturprosjekt, fortel seniorrådgivar Ingvild Kragset i Kystverket.

”Attraksjonskraft Nord-Norge”-konferansen i Tromsø tek opp temaet kulturarv som faktor for lokal og regional utvikling. Konferansen vil ha eit særleg fokus på Nord-Noreg.

Sjå invitasjonen til høgre på denne sida for meir informasjon om konferansen.

Relaterte dokumenter

Siste nytt