Publisert: , Oppdatert:

Losbåt hjalp ferje i naud

Losbåten Los 120 hjalp BF "Stordal" då den fekk motorhavari i dag tidleg.

Klokka 0744 i dag høyrde Los 120 på VHF-radio at bilferja BF "Stordal" hadde fått motorhavari ved Kvalholmane ved innseglinga til Tømmervåg på Tustna på Nordmøre.

Elleve minutt seinare var losbåten på plass ved havaristen. Undervegs hadde ein klargjort for slep, og i løpet av eitt minutt hadde losbåten fått ombord slep på havaristen, og klokka 0800 var slepet i gong.

Då Redningsskøyta RS "Erik Bye" ankom 15 minutt seinare var havaristen slept godt klar av land, og slepet kunne trygt overlatast til redningsskøyta.

BF "Stordal hadde 34 passasjerar og eit mannskap på fem ombord då motorhavariet skjedde.

– Med internkommunikasjon på headset mellom styrhus og dekk, og med fortløpande VHF-kommunikasjon med havaristen og Florø radio, fikk Los 120 førebudd og sett slepet på ein effektiv og trygg måte, fortel losoldermann Emil Heggelund, som ikkje legg skjul på at han ved slike hendingar er ekstra stolt over å ha årvakne, handlekraftige og kompetente medarbeidarer.

Siste nytt