Publisert: , Oppdatert:

Utdjupar innseglinga til Svelgen

Kystverket skal i haust fjerne over 20 000 kubikkmeter masse frå sjøbotn utanfor Svelgen i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane for å gjere innseglinga djupare, breiare og tryggare for skipsfarten. Arbeidet startar opp i slutten av august og skal gjerast ferdig innan 1. desember.

Ei avgrensa djupne på 6,8 meter gjer innseglinga til Svelgen til ein flaskehals for skipsfarten som seglar her. Når utdjupingsprosjektet er utført blir djupna ti meter og bredda 80 meter. I og med at innseglinga blir breiare enn den er i dag, blir også dagens navigasjonsinnretningar flytta lenger ut. Dette vil opna innseglinga for enda større farty enn dei som går her i dag.

Sjøfartsdirektoratet sin ulykkesstatistikk viser at det frå 1981 fram til i dag har vore fire grunnberøringar i innseglinga til Svelgen. Farty må ofte vente på høgvatn for å kunne segle inn og ut av hamnebassenget. For mange resulterar det i fordyrande containeromlastingar i Florø.

Svelgen har omkring 200 anløp av farty, kor mesteparten er containerskip og lasteskip som skal til bedrifta Elkem Bremanger. I 2008 lossa og lasta Elkem Bremanger ca. 426 000 tonn råvarer og produkt over kai.

Utdjupinga skal i fyste rekke førebygge grunnstøytingar og skipsulykker, men vil også bidra til framkomme og meir effektiv transport til og frå Elkem Bremanger. Ei djupare og tryggare innsegling vil korte ned transporttida for større farty som i dag har ventetid på grunn av avgrensa djupneforhold. Utbetringa av skipsleia vil også legge til rette for komande utvikling og vekst i prosessindustrien i Svelgen og Bremanger, og bidra til å sikra arbeidsplassar i lokalsamfunnet.  

Totalt skal 20 800 kubikkmeter morenemasse takast opp frå sjøbotn. Reine massar blir deponert i Nordgulen, medan omkring 1300 kubikkmeter forureina massar blir frakta til Sunnfjord Miljøverk i Førde. Massane, som blei identifisert som forureina under førebuande granskingar, blir mellomlagra i biotekstilposar før og under transport.

Sjølve utdjupinga vil koste om lag 7,2 millionar kroner og blir utført av Secora på vegne av Kystverket. Heile prosjektet, inkludert sjømerking, kjem på 10 millionar kroner.

Utdjupingsprosjektet i Svelgen er prioritert i Kystverket sitt handlingsprogram for 2014 – 2023.

Siste nytt