Publisert: , Oppdatert:

– Kan vere stolt av Kystverket!

– Sjøfartsnasjonen Noreg kan vere stolt av å ha eit Kystverk som det vi har i dag, fastslo statssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdselsdepartementet då han 11. desember besøkte Kystverket sitt hovudkontor.

Karlsen har vore statssekretær sidan midten av oktober, og besøkte no Kystverket for å lære etaten betre å kjenne.

– Det er ein etat som gjer eit viktig arbeid, og eg har hatt ein interessant dag der eg har sugd til meg mykje informasjon. Det var ein kollega som sa til meg at å bli statssekretær er som eit VM i vaksenopplæring. Og det følest slik, fortel han.

Statssekretæren fekk ein grundig gjennomgong av alle sider ved verksemda til Kystverket, og trakk sjølv fram at det blir spennande å sjå kva effekt ein får av omorganiseringa av lostenesta.

Siste nytt