Publisert: , Oppdatert:

Kystverket jorda rundt

Sidan august har representantar frå Kystverket besøkt 22 ulike land i samband med internasjonale fora og avtalar om samarbeid.

På veg til møte i Entebbe, Uganda. (Foto: Helge Munkås Andersen, Kystverket)
På veg til møte i Entebbe, Uganda. (Foto: Helge Munkås Andersen, Kystverket)

Kystverkets nasjonale verksemd er kjend og synleg for mange. Ikkje like mange kjenner til det omfattande internasjonale arbeidet som går føre seg i Kystverket kvar dag. Dei fleste fagfelta i Kystverket arbeidar med fleire prosjekt og avtalar der ein samarbeidar med ett eller fleire andre land. Til saman utgjer dette eit trettitals internasjonale arenaer der tilsette i Kystverket er tilstades. Dei ulike aktivitetane omhandlar alt i frå utvikling av høgteknologi til bistandsprosjekt. Ein vesentleg del av verksemda er samarbeidsavtalar som trygger varsling og gjensidig bistand innan sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining.  

 – Det er viktig å bidra med vår kompetanse i internasjonale fora og ikkje minst er dette ei stor kjelde til kunnskapsheving og utvikling av Kystverket, seier Kystdirektør Kirsti Slotsvik.

Berre sidan i august har representantar frå Kystverket vore i Danmark, Sverige, Finland, Island, Grønland, Belgia, Nederland, Frankrike, England, Portugal, Spania, Tyskland, Tsjekkia, Uganda, Libanon, Tanzania, Sør- Korea, Kina, Russland, Cuba, Canada og USA. Kystverket også dei tre siste månadene vore vertskap for besøk frå blant anna Sverige, Danmark, Finland, Nederland, Estland, Russland, Singapore og Sør- Afrika.

 

 

 

Siste nytt