Publisert: , Oppdatert:
- Ane Eide Kjæraas

Atomberedskap på dagsorden

Korleis handterar norske myndigheiter brann i et fartøy som frakter radioaktivt avfall? Dette var tema for ei felles øving for Kystverket og Statens strålevern.

I løpet av 2013 og 2014 blei det registrert to transporter av radioaktivt avfall og fem seglingar av atomdrivne fartøy langs norskekysten. Scenarioet for øvinga var ein situasjon der det oppstod brann i eit lastefartøy som frakta radioaktivt avfall frå Gdynia i Polen til Murmansk i Russland.

Øvinga som fann stad i Statens strålevern sine lokale i Oslo fokuserte på blant anna varslingsrutinar, samhandling og kommunikasjon.

- Sjansen for ei skipsulukke der det er radioaktivt avfall om bord er lite, men konsekvensane kan derimot bli svært alvorlege. Derfor var denne øvinga viktig for oss, seier Kystverkets beredskapsdirektør Johan Marius Ly.

Øvinga er ein del av arbeidet som skal styrkje koordineringa og avklare ansvarsfordelinga mellom Kystverket og Statens strålevern ved hendingar der begge etatar er eller kan bli involvert.

 Les mer om Statens strålevern

Siste nytt