Publisert: , Oppdatert:

Revidert statsbudsjett 2015: 10 millionar til opprydding etter uvêr

I revidert statsbudsjett vedtok Stortinget å løyve 10 millionar kroner for å utbetre skader på navigasjonsinnretningar etter to kraftige uvêr sist vinter.

Uvêra ”Nina” og ”Ole” gjorde stor skader på navigasjonsinnretningar på Vestlandet, i Nordland og i Finnmark.

Deler av midlane skal brukast til å etablere nye navigasjonsinnretningar på Store Bloksen og Skåretreboen i Nord-Rogaland, etter at dei faste navigasjonsinnretningane forsvann under uvêra i januar. I tillegg skal navigasjonsinnretninga på Lille Bloksen erstattast med eit nytt sjømerke på grunn av omfattande skader.

Nymerking av desse skjera har fått høg prioritet, då dei ligg i spesielt utsette og vêrharde områder med stor skipstrafikk. Store Bloksen fekk lanterne med lys etter at hurtigbåten ”Sleipner” forliste og sank der i 1999.

Utbetringsarbeidet skal gjennomførast i løpet av sommaren, avhengig av gode vêrforhold. 

Sjå Innstilling fra finanskomiteen om revidert nasjonalbudsjett 2015, om avgiftsvedtak og om tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2015.

Siste nytt