Publisert: , Oppdatert:

Spara 20 millionar på nye slepeberedskap-kontraktar

Kystverket har inngått kontrakt om slepeberedskap med fire fartøy, to fekk forlengd tillit, to kom nye inn i flåten.

– Med dei nye kontraktane har vi spart rundt 20 millionar samanlikna med dei tidlegare kontraktane, samtidig har vi heva kvaliteten på tenestene vi yter, seier seniorrådgivar Kjetil Aasebø i Kystverket.
Han fortel at BB Connector og NSO Crusador etter ei prisforhandling fekk fornya tillit, mens dei to nye fartøya som er inne på ny kontrakt heiter Strilborg og Supporter.


Fakta

Slepeberedskapen

  • Fyrste gong etablert i 2003 i Nord-Noreg. Fyrst med tre fartøy – eit samarbeid Kystvakten/Kystverket.
  • I 2005 leverte Kystverket ei utgreiing om ein samla framtidig nasjonal slepeberedskap.
  • I 2009 blei det løyvt midlar til å etablere statleg slepeberedskap på Sørlandet.
  • Frå 2010. Den statlege slepeberedskapen vert vareteke og finansiert over Kystverkets budsjett.
  • I 2011 blei beredskapen utvida med eitt fartøy på Vestlandet, flåten består derfor no av fire fartøy.
  • Les meir om Kystverkets slepeberedskap her.

Siste nytt