Publisert: , Oppdatert:
- Anne Grethe Nilsen

Utbetra innsegling til Florø

Innseglinga til Florø hamn blei nyleg ferdig utdjupa og nymerka. Skipsfarten har dermed fått ei breiare, djupare og sikrare innsegling.

Skipsleia har fått ei ny djupne på 16 meter og minst 120 meters bredde. Det er satt opp tolv navigasjonsinstallasjonar, inkludert ny overrett i Florø-bassenget og eit undervassfundament med betongsøyle for lykt i Hellefjorden.

Sidan arbeidet starta opp i august 2014 er totalt 40 000 fast kubikkmeter masse blitt tatt opp frå sjøen. Steinmassane skal brukast til å byggje ut nytt areal for næringa i området rundt Florø.

Florø har i mange år vore ei aktiv hamn for fiskeri og servicenæringar og er ei naturlig containerhamn for regionen. I seinare år er det også bygd opp ein betydeleg forsyningsbase til oljeindustrien,”Fjord Base”, som har om lag 1650 anløp årleg.  I tillegg driv verftet Westcon Yards med ombygging, reparasjonar og vedlikehald av farty og riggar.

Større djupne og bredde aukar tryggleiken for trafikken i hamna, og bidrar til å oppretthalde og videreutvikle Florø som ei stamnetthamn. 

Siste nytt