Publisert: , Oppdatert:

Nesten 2,7 milliardar kroner til kystforvaltning

– Her er mykje å glede seg over, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik om forslaget til Statsbudsjett for 2016. Ho gler seg spesielt over å få eit nytt multifunksjonsfartøy til etaten.

Totalt er det sett av 2,68 milliardar kroner til kystforvaltninga i 2016. Dette er omlag på nivå med inneverande år.

– Vi gler oss over at vi får fortsette fornyingsplanen vår for fartøy. Det er sett av 82 millionar kroner til å starte bygginga av eit nytt multifunksjonfartøy, som vert det fjerde i rekka. Desse fartøya er viktige, både for å halde fram med eit godt vedlikehald av farleia og for beredskapen mot akutt forureining, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Styrkar sjøtransporten

Ho meiner budsjettet tek eit nytt steg der sjøtransporten sakte men sikkert vert styrka.

– Eit viktig grep er reduksjonen av losavgift på 86 millionar kroner. Der får vi snart ei høyring om korleis denne skal få ei fornuftig fordeling med ei effektiv administrativ ordning. Vi får håpe avgiftsletta viser igjen heilt fram til dei som har varer som skal fraktast, seier ho.

Kystdirektøren trekk også fram det å gjere innseglinga til viktige hamner sikrare og meir effektive, som særs viktig i styrkinga av sjøtransporten. Totalt er det sett av 341 millionar kroner til utbetring av farleier.

– Vi er glade for at farleistiltaka held fram i tråd med NTP-planane. Faktisk er innseglinga til Grenland forsert, slik at prosjektet startar i 2016 i staden for 2018. Andre tiltak som får oppstart er innseglinga til Tromsø, Grøtøyleden og nordleg innsegling til Ålesund. I tillegg vert farleisutbetringane i innseglinga til Oslo og innseglinga til Bodø vidareført. Borg-prosjektet skal ein kome tilbake til som eiga sak. Det er noko vi ser fram til, seier Slotsvik.

Fiskerihamner, navigasjonsinfrastruktur og forureiningsberedskap

134 millionar kroner er sett av til fiskerihamner. To nye fiskerihamnprosjekt skal iverksetjast; Mehamn og Båtsfjord. I tillegg vert fiskerihamnprosjekta i Hovden, Napp. Salthella, Myre og Berlevåg vidareført.

Sjølv om tilskotsordninga til kommunale fiskerihamner vert avvikla frå Kystverket sitt ansvarsområde vonar kystdirektøren at etaten sin kompetanse vert vidareført gjennom til dømes meir næringsnøytrale infrastrukturtiltak.

368 millionar kroner er sett av til drift og vedlikehald av navigasjonsinfrastruktur. I tillegg kjem 62 millionar kroner til å fornye og eller sette opp nye navigasjonsinnretningar. Det er også sett av 121 millionar kroner til vedlikehald av fyrstasjonar, fjerning av eigarlause blåskjelanlegg og utbetring av stormskader på fiskerihamner og den maritime infrastrukturen.

Sjøtrafikksentralane får 102 millionar kroner, pluss 29 millionar kroner til fornying av det tekniske utstyret.

Beredskapen mot akutt forureining vert tilgodesett med 323 millionar kroner. I tillegg vert det sett av 50 millionar kroner til vidare arbeid med miljøtiltak for ubåtvraket U-864 utanfor Fedje.

– Dette er eit budsjett vi er tilfreds med. Her er ikkje noko vi saknar, konkluderer kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Siste nytt