Publisert: , Oppdatert:

Signerte rammeavtale for betre avfallshandtering

Kystverket har inngått rammeavtale for avfallshandtering ved akutt forureining.

Thomas Henriksen og Steinar Lodve Gyltnes fra logistikk og teknologiseksjonen ved Kystverkets Beredskapssenter.
Thomas Henriksen og Steinar Lodve Gyltnes fra logistikk og teknologiseksjonen ved Kystverkets Beredskapssenter.

Avtalen gjeld for heile landet og er inngått med Norsk Gjenvinning Industri AS. Selskapet nyttar seg av Perpetuum som underleverandør for å dekkje beredskapen i Nord-Noreg. 

Kan spare tid ved aksjonar

Sjølv om avtalen dekkjer både små og store hendingar, er det ved ein statleg aksjon Kystverket hentar den største gevinsten. 

- Vi har ein sårbar kyst, tida er avgjerande ved aksjonar for å avgrense både kortsiktige og langsiktige skadeverknader av akutt forureining. Vi  meiner denne rammeavtalen vil innfri krava våre til effektivitet og kvalitet, seier Steinar Lodve Gyltnes.

Han er leiar av logistikk og teknologiseksjonen ved Kystverkets Beredskapssenter.

Gyltnes legg til at Interkommunale utval mot akutt forureining (IUA) også kan gjere avrop på rammeavtalen ved regionale forureiningshendingar.

Både Norsk Gjenvinning og Perpetuum har over lang tid drive målretta utdanning av personell og bygd opp kompetanse og erfaring som vil kome samfunnet til gode ved eventuelle aksjonar. Gjennom eigne avdelingar og eit nettverk av samarbeidspartnarar langs kysten kan selskapa tilby kort responstid, stor kapasitet og ein utstyrspark som er skreddarsydde for forholda i nordområda.

Lang erfaring med beredskapsarbeid

- Vi er særs stolte over at Kystverket har valt oss som landsdekkjande leverandør. Vi har lang erfaring med beredskapsarbeid og gleder oss til å utvikle dette arbeidt vidare saman med Kystverket og dei kommunale utvala, seier divisjonsdirektør i Norsk Gjenvinning Industri AS, Ivar Hagemoen.

- Eg ser på dette som ein svært viktig avtale, han synleggjer styrken vår på beredskap og det er grunn til å tru at den vil medføre oppdrag også ved akuttsituasjonar på land, seier adm. direktør Are Lorentsen i Perpetuum.

Fakta

Rammeavtale for avfallshåndtering ved akutt forureining ble inngått januar 2016 mellom Kystverket og Norsk Gjenvinning Industri AS.

Gjennom samarbeid med fleire aktørar inneber avtalen med Norsk Gjenvinning Industri AS kort responstid, stor kapasitet og ein utstyrspark som er skreddarsydde for forholda heile landet.

Rammeavtalen gjelder for to år, med mulighet til forlengelse på inntil to år.

 

Siste nytt