Publisert: , Oppdatert:

Kystverkets årsrapport for 2015: Eit godt år!

Kystverket er ein etat i kontinuerleg utvikling. Forutan å løyse oppgåvene med å skape ein trygg, effektiv og rein sjøveg, har effektivisering og framtidsorientering vore sentrale stikkord for aktiviteten i Kystverket i fjor.

– 2015 har vore eit godt år for Kystverket. Vi har løyst oppgåvene og bevega oss i rett retning, fastslår kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Kystdirektøren trekk mellom anna fram det fortløpande fokuset på effektivisering og forenkling.

– Vi er stolte over å ha utvikla meldingsportalen for skipsfart, SafeSeaNet Norway. Med denne teknologiske nyvinninga har vi klart å redusere skjemaveldet for skipsfartsnæringa med anslagsvis 245 000 skjema i året. Vi har gjennomført ei omorganisering av lostenesta, og lagt ned eit omfattande arbeid med konkurranseutsettinga av tilbringertenesta. Vi har og gjort ein gjennomgang av etaten med tanke på meir effektiv drift, fortel Slotsvik.

Innan sjøsikkerheitsarbeidet har Kystverket lenge vore i front teknologisk, og kompetente fagmiljø sørger for at vi framleis skal vere der.

– Vi har gjort ein sjøsikkerheitsanalyse som vi skal bygge våre framtidige vurderingar på. Vi har ein nullvisjon for drepte og hardt skadde i sjøtransporten, og det er i hovudsak i fritidsflåten slike ulukker har skjedd dei siste åra, fortel ho.

Det er og gjort ein viktig transportanalyse, Brei godsanalyse, som gir Kystverket eit vesentleg betre grunnlag for arbeidet med transportplanlegging.

– Med den har vi fått eit meir realistisk bilete av kva moglegheiter og avgrensingar sjøtransporten har i konkurransen med landtransport, seier Slotsvik.

I arbeidet med Nasjonal transportplan for 2018–2029 har det dessutan blitt utarbeidd perspektivanalyser basert på ulike framtidsscenarier.

– For alle alternativa var rett kunnskap og erfaring det underliggande kravet. Dette blir ein av dei store utfordringane for Kystverket i åra framover. Etaten må vere ein attraktiv arbeidsplass for medarbeidarar med god kompetanse og med omstillingsvilje og -evne til å videreutvikle og skaffe seg framtidsretta kompetanse, seier Slotsvik.

Siste nytt