Publisert: , Oppdatert:

Fem verft er prekvalifisert for bygging av nytt kystverkfarty

Kystverket har prekvalifisert fem leverandørar i konkurransen om bygging av det nye multifunksjonelle fartyet OV ”Ryvingen”.

Av dei fem som er prekvalfisert er fire norske, i tillegg til eit dansk verft. Verfta er:

  • Vard Brevik 
  • Simek AS
  • Fitjar Mekaniske Verft AS 
  • Fiskerstrand Verft AS 
  • Hvide Sande Shipyard (dk)

Prekvalifisering betyr at oppdragsgivar vel ut leverandørar som blir invitert til å levere tilbod. Utveljinga er gjort med bakgrunn i leverandørane si oppfylling av kvalifikasjonskrav, sett av oppdragsgjevar i samband med den gitte anskaffinga.

Vidare i prosjektet skal det arrangerast leverandørkonferanse 30. august. I samband med konferansen vil det òg blir synfaring av det nyaste av Kystverkets farty, OV ”Bøkfjord”. Så vil det bli  forhandlingar framover hausten, medan signering av kontrakt skal skje i desember.

OV ”Ryvingen ” er det fjerde fartyet frå Kystverkts fartyfornyingsplan. OV ”Ryvingen ” er planlagt levert i 2018. Avtalen vil omfatte opsjon på ytterlegare eit farty. Leverandøren skal stå for design og bygging av fartyet.  

Siste nytt