Publisert: , Oppdatert:

Klart for festopning av hamna på Myre

Torsdag 1. september vender olje- og energiminister Tord Lien heim til Myre for å stå for den offisielle opninga etter at Myre hamn har blitt utbetra.

– Som myreværing er det ekstra stort å få vere med på dette. Den nye hamna gir grunn til optimisme for Myre, Øksnes kommune og heile landsdelen, seier olje- og energiminister Tord Lien

I tre år har arbeidet med å utbetre innseglinga til Myre pågått, med utdjuping og bygging av to moloar. Ei av landets viktigaste fiskerihamner har med det gode vekstvilkår for framtida.

– Øksnes kommune har no fått ei hamn som gir store moglegheiter for utvikling av dei sjøretta næringane i åra som kjem, seier regiondirektør Fridtjof Wangsvik i Kystverket Nordland.

Markeringa startar med at RS Knut Hoem og OV Skomvær tek inviterte gjestar med på tur til moloen i Prestfjorden og Vorneset, der byggeleiar Torfinn Zakariassen frå Kystverket og hamnesjef John Danielsen fortel om utbygginga av hamna. Vel tilbake på lastekaia til BioMar vert det servert fiskesuppe, kaker og kaffe, og så skjer den offisielle opninga ved olje- og energiminister Tord Lien samt regjerande verdensmeistrar i tungeskjering; Kristoffer og Julie Rognan. Kulturinnslag og taler høyrer også med på ein slik dag.

Programmet for dagen finn du her.

Siste nytt