Publisert: , Oppdatert:
- Sveinung Nedregotten

Revidert nasjonalbudsjett: Forslag om 42 millioner kroner ekstra til Kystverket

Regjeringa foreslår å auke Kystverket sine løyvingar med 42 millionar kroner i 2016. Dei foreslåtte midlane skal mellom anna brukast til nye arbeidsbåtar, trygging av farleier og mudringsarbeid i Ørakanalen ved Borg havn.

Regjeringa foreslår at 15 millionar kroner skal brukast til å skaffe to nye arbeidsbåtar til Kystverket. På bildet: OV Skomvær.

- God maritim infrastruktur er viktig for effektiv sjøtransport og for verdiskaping og busetting langs heile kysten. Regjeringa fortsetter å utvide Kystverkets verktøykasse, med utstyr og ressursar til å gjennomføre fleire oppdrag. Dette vil også bidra til å styrke sysselsettinga i leverandørnæringa, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Les meir på regjeringen.no:

I det reviderte nasjonalbudsjettet blir hovedtalla for norsk økonomi og regjeringa sitt syn på gjennomføringa av den økonomiske politikken oppdatert. Stortinget handsamar revidert nasjonalbudsjett og fattar sine vedtak i slutten av juni.

Sjå også – Prop. 122 S (2015-2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016

Siste nytt