Publisert: , Oppdatert:
- Ane Eide Kjæraas

U-864: Pressemøte om arbeidet med støttefyllinga ved U-864

Tirsdag 3. mai ynskjer Kystverket presse og media velkommen til ei orientering om arbeidet med støttefyllinga ved U-864, som startar denne veka.

Biletet er henta fra animasjonsfilmen om støttefyllinga som BUG og Phantomfilm har laga for Kystverket.

Pressemøtet vil finne stad om bord i fartøyet MV "Siddis Mariner". Der vil blant anna Kystverket vise ein animasjonsfilm om korleis støttefyllinga skal etableras i vrakområdet. Prosjektleinga fra Kystverket og selskapet Van Oord vil gje ein statusrapport og vere tilgjengelege for spørsmål og intervju. Det vil også vere mogeleg å få ei omvisning på fartøyet.

Tid: kl. 12-13.30

Stad: AS Mekanikk, Gravdalsvegen 245, 5164 Laksevåg

Kontaktperson: kommunikasjonsansvarleg Ane Eide Kjærås, mobil: 900 99 227

Siste nytt