Arrangerer oljevernøving på Svalbard
Kystverket vil i samarbeid med Sysselmannen på Svalbard gjennomføre ei oljevernøving der, og gjennomførde nyleg ei planleggingskonferanse der mål for øvinga var tema.

I tidsrommet 27. - 29. september 2016 skal Kystverket arrangere og gjennomføre "Øving Svalbard 2016". Øvinga vil fokusere på risiko for akutt oljeforureining i området rundt Isfjorden på Svalbard, og scenario vil vere eit oljeutslepp frå eit grunnstøytt fartøy.
Viktig øving
‒ Til no har vi vore spart for ei alvorleg hending som inneber opprydding etter akutt forureining i Arktisk. Dersom ein slik skulle hende i havområda utanfor Svalbard, er problemstillingane annleis enn om det skjer lenger sør. Derfor er det viktig å gjennomføre ei øving her og avdekkje kva utfordringar som må handterast. Mørke, kulde, is, logistikkutfordringar, manglande overvaking og kommunikasjon er viktige stikkord, seier beredskapsdirektør i Kystverket, Johan Marius Ly.
Øvinga er ei samvirkeøving på strategisk, operasjonelt og taktisk nivå, og blir gjennomført som kombinert feltøving og stabsøving. Kystverket ferdigstilte beredskapsanalysen for Svalbard og Jan Mayen i 2014, der ei av tilrådingane var å gjennomføre ei større øving med utgangspunkt i eitt av scenarioa i analysen.
‒ Med utgangspunkt i dette er det formålstenleg å gjennomføre ei større øving på Svalbard i 2016, seier Ly.
Les beredskapsdirektørens kronikk om nordområdene her.
Mål for øvinga
Øvinga vil fokusere på varslingsprosedyrar, Kystverkets overtaking av aksjonsleiing på Svalbard, samhandling med Sysselmannen i alle fasar av aksjonen, effektiv aksjonsleiing og innsatsleiing, samvirke mellom statlege og private beredskapsressursar, logiske operasjonar, samt høve for å avdekkje forbetringspunkt knytt til gjeldande planverk og materiell.
Øving Svalbard 2016 blir planlagt og gjennomført i tett samarbeid med Sysselmannen på Svalbard.
‒ For Sysselmannen blir det viktig å teste gjeldande planverk, eigne kapasitetar i form av depotstyrkje, helikopterressursar og tenestefartøy, responstider og uthald, og ikkje minst dei samvirkemekanismane som ligg i planverket, seier sysselmannsoverbetjent og stabssjef Jon Starheimsæter.
Læringspunkta frå øvinga vil vere sentrale i den vidare utviklinga av forureiningsberedskapen på Svalbard, legg han til.
Les om Kystverkets ambisjoner for norsk oljevernberedskap i nord.
Sjå inviterte einingar og fartøy som vil delta i øvinga under biletet.
Fakta
Ei rekkje andre samarbeidspartnarar deltek i øvinga med materiell- og/eller personellressursar.
Følgjande einingar er inviterte til å delta i øvinga:
- Kystverket
- Sysselmannen på Svalbard
- Forsvarets Operative Hovedkvarter (FOH)
- Kystvakten
- Hovedredningssentralen i Nord-Norge
- Sjøfartsdirektoratet
- Miljødirektoratet
- Norsk Polarinstitutt
- Norsk oljevernforening for operatørselskap, NOFO
- Rederi
- Forsikringsselskap
Følgjande fartøysressursar blir planlagde som deltakarar i øvinga:
- "Polarsyssel"
- "KV Barentshav"
- "OV Bøkfjord"
- "Elling Carlsen"
- "Longyear 2"
- "Ulla Rinman"
- "Farm"
- Statlig slepebåt
- RV Lance
- Simulert havarist
Luft/ overvåkningsressursar:
- LN-KYV (Kystverkets overvåkningsfly)
- Helikopter fra Sysselmannen
- Ocean Eye (NOFO ballong)
Relaterte tema
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Millionavtale med Partnerplast
Kystverket har inngått avtale med Partnerplast om å få levert sjømerker av typen Dirigens.
-
Nå begynner arbeidet med Stad skipstunnel
Kystverket har nå mottatt oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet, som i realiteten gir grønt lys til oppstart av forarbeidet for bygging av Stad skipstunnel.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Høring: Forskrift om Krigsnavigasjonstjenesten
Kystverket har på vegne av Samferdselsdepartementet sendt på høring utkast til forskrift om Kystverkets støtte til Forsvaret ved kriser og i krig (Krigsnavigasjonstjenesten ). Fristen for høringssvar er 14. mai
- Gå til nyhetsarkiv