Publisert: , Oppdatert:

Statsbudsjettet: 2,6 mrd til forvaltninga av kysten

I forslag til Statsbudsjett for 2017 er det foreslått å løyve om lag 2,6 milliardar kroner til Kystverket.

Det er foreslått om lag 1,7 milliardar kroner til Kystverkets driftsutgifter. Her inngår, i tillegg til drift av Kystverket, mellom anna navigasjonsinfrastruktur, sjøtrafikksentralar, transportplanlegging, losordninga, beredskap mot akutt forureining og tilskot til kystkultur.

Det er foreslått å løyve 52,9 millionar kroner til spesielle driftsutgifter i 2017. Av dette er 40 millionar kroner foreslått til vidare arbeid med miljøtiltak for U-864.

Det er foreslått 408,8 millionar kroner til nyanlegg og større vedlikehald. Midlane er fordelte med 242,1 millionar kroner til utbetringar av farleier og 110,6 millionar kroner til fiskerihamneprosjekt. I tillegg blir det sett av 53,1 millionar kroner til navigasjonsinfrastruktur.

Til større kjøp og vedlikehald er det foreslått å løyve 217 millionar kroner. Innanfor løyvinga er det sett av 83,9 millionar kroner til å byggje eit fjerde multifunksjonsfartøy til Kystverket. Det er foreslått 30,2 millionar kroner til Barents Watch.

Det er budsjettert med 60,5 millionar kroner i tilskot til fiskerihamneanlegg. Vidare er det budsjettert med 10,3 millionar kroner i tilskot til hamnesamarbeid, der formålet er å stimulere hamnene til betre utnytting av infrastrukturen. Til ei forsøksordning i tre år med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø blir det foreslått å løyve 30 millionar kroner. Ordninga må godkjennast av ESA.

Les meir:

Siste nytt