Publisert: , Oppdatert:

Statsbudsjettet: Gods frå veg til sjø, vedlikehald og fornying

I forslag til Statsbudsjett for 2017 blir det foreslått å opprette ei treårig forsøksordning med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø. Innan sjøtransport for øvrig vert vedlikehald og fornying prioritert.

Regjeringa ønskjer ein konkurransedyktig nærskipsfart og vil leggje til rette for at meir gods blir transportert på kjøl. Under Kystverket blir det foreslått å opprette ei treårig forsøksordning med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø. 30 millionar kroner er sette av til dette i 2017.

Regjeringa har i tillegg foreslått å redusere losavgiftene med tilsvarande 100 millionar kroner i 2017 og vil effektivisere og utbetre fleire farleier.

Til kystforvaltning er det foreslått å løyve om lag 2,6 milliardar kroner, ein liten reduksjon samanlikna med vedtatt budsjett 2016. Ein skal halde fram med å redusere vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinfrastrukturen. I tillegg til driftsutgiftene til Kystverket omfattar midlane mellom anna investeringar i nyanlegg, vedlikehald av kystinfrastruktur og tilskot til fiskerihamneanlegg.

Les meir:

Siste nytt