Publisert: , Oppdatert:
- Ane Eide Kjæraas

Framleis trygg sjømat ved U-864

Sjømat fanga ved vraket av U-864 ved Fedje er framleis trygg å ete. Det viser ein ny rapport frå NIFES.

Mattilsynet opphever nå advarselen mot sjømat fanget ved ubåtvraket U-864. (Illustrasjon: Kystverket/Marianne Henriksen)
Sjømattryggleiken ved U-864 vert kontinuerlig overvåka av NIFES. (Foto/illustrasjon: Kystverket)

Siden 2005 har NIFES (nasjonalt institutt for ernærings-og sjømatsforskning) overvaka kvikksølvnivåa i fisk og krabbe fanga nær vraket av ubåten U-864 som ligg utanfor Fedje i Hordaland. 

Brosme og krabbe

Analysane frå 2015  viser at konsentrasjonane av kvikksølv i brosme og krabbe frå området rundt ubåtvraket på Fedje stort sett er under grenseverdiane for humant konsum som er sett av Noreg og EU. Til saman vart  75 brosmer og 75 krabber fanga nær vraket,  analyserte for kvikksølvinnhald.

-          Ut i frå årets resultat og årleg overvaking sidan 2005, ser det ut til at kvikksølvnivåa i sjømat ved U-864 er relativt stabile over tid og ikkje avviker frå bakgrunnsnivå for kysten. Unnataket er brunmat av krabbe, der kvikksølvnivået er noko høgare enn andre stader langs Norskekysten, utan at dette påverkar mattryggleiken, skriv NIFES i rapporten.

Les meir: https://www.nifes.no/trygg-sjomat-fedje/

Siste nytt