Publisert: , Oppdatert:
- Solveig Moe Frøland

Arendalsuka: Kystverket er klar for framtida

Både menneske og teknologi var i fokus då Kystverket snakka om framtida for sjøvegen på fullriggaren Sørlandet under Arendalsuka i dag.

Fungerande kystdirektør Per Jan Osdal viste til at Kystverket har fokus på forsking og utvikling og at Kystverket er med på utviklinga innan autonomi på vårt område – det vil seie i høve førarlause skip.

– Autonome skip vil endre transportsystema og bli ein viktig faktor i å gjere transport mer miljøvennleg – ikkje minst ved å overta mykje vegtransport, hevda Osdal.

Kystdirektøren trakk og fram moderniseringa som har gått føre seg på etaten sine fem sjøtrafikksentralar. Ved hjelp av ny teknologi er det no mogleg for sjøtrafikksentralene å overvake større område og fleire skipsrørsler enn tidlegare. I disse dager arbeidar Kystverket med å etablere overvaking i farvatna ved Florø og Måløy. Meir automatiserte system for overvaking vil gi sjøtrafikksentralane kapasitet til å overvake større delar av kysten, inklusiv område som er utanfor sjøtrafikksentralene sine tenesteområder.

Korleis nærmar så Kystverket seg framtidas sjøtransport?
– Først og fremst med å løyse dag-til-dag-oppgåver, men minst like mykje handlar det om å utvikle og førebu seg for framtida. Det er viktig å utnytte ny teknologi og gjere vårt til stadig å utvikle betre løysingar for å auke sjøsikkerheita og å fremje meir effektiv sjøtransport, sa Per Jan Osdal.

Sjøvegen i særklasse
Direktøren for Kystforvaltningsavdelinga i Kystverket, Sven Martin Tønnessen, snakka mellom anna om om sjøsikkerheit og godsoverføring.

Mange trur at det er vegtransporten som dominerer godsoverføringa, men Tønnessen viste til at 93 prosent av eksporten og 63 prosent av importen mellom Norge og Europa går på kjøl.
– Hovudårsaken er at størsteparten av dette volumet er bulk og lange transporter. Då er sjøvegen i ei særklasse, sa Tønnessen under sitt foredrag.

Det er mange aktørar i denne marknaden og vi har ein spreidd terminalstruktur som tener næringslivet sine behov. Godsmengda frå containarar veks raskare på sjø enn på veg.

Transportsektoren står for om lag 30 prosent av Noregs samla klimagassutslipp. Samanlikna med vegtransporten står sjøtransport for berre 1/3 så myke klimagass – difor arbeider Kystverket for å oppnå eit grønare alternativ. Regjeringa har i Nasjonal transportplan 2018–2029 som ambisjon å overføre 30 prosent av gods som blir frakta over 300 km fra veg til sjø og bane i løpet av planperioden. Kystverket arbeider nitidig med tilskotsordningar som gjer det gunstig for næringa å nytte sjøvegen.

Siste nytt