Publisert: , Oppdatert:

Ny runde med tilskot til hamnesamarbeid i 2019

Kystverket lyser med dette ut til ny runde med tilskot til hamnesamarbeid i 2019. Søknadsfristen er 10. februar 2019.

Tilskota til hamnesamarbeid skal bidra til meir gods på sjø, ved at konkurranseevna til sjøtransporten blir styrka gjennom auka transportkvalitet og reduserte prisar. I 2019 er det løyvd 10, 9 millionar kroner til denne ordninga.

– Sjølv om ordninga har eksistert i fleire år, opplever vi framleis interesse kring den. I 2018 hadde vi 18 søknadar, og summen på søknadane overskreid bevilginga i statsbudsjettet med over 10 prosent. Samstundes har fleire prosjekt enn tidlegare blitt gjennomført til planlagd tid og kostnadsramme. Dette tyder på at det framleis er prosjekt som vil føre til nye samarbeidsrelasjonar og auka konkurranseevne for sjøtransporten, seier seniorrådgivar Øyvind Sandbakk i Kystverket.

Prosjekta skal vere ferdig innan fristen for sluttrapportering 30. november.

Søknadsfristen er 10. februar 2019.

Interesserte kan finne meir informasjon om ordninga på www.kystverket.no/havnesamarbeid   

Siste nytt