Publisert: , Oppdatert:
- Sunniva Ullavik Erstad

Nytt hybridfartøy levert til Kystverket

Førre veke vart OV Ryvingen, Kystverkets nye multifunksjonsfartøy, levert frå Fitjar Mekaniske Verkstad. Fartøyet er miljøvennleg og innovativt, og særs godt eigna til både oljevernaksjonar og det daglege vedlikehaldet av farleier langs kysten.

OV Ryvingen er det fjerde fartøyet i rekkja av nybygg i Kystverket, og byggjer vidare på erfaringane frå dei andre multifunksjonsfartøya. Fartøyet er spesialtilpassa Kystverket sine oppgåver langs kysten, og innovative løysningar bidreg til lågare bruk av drivstoff, mindre forureining og mindre behov for vedlikehald.

Multifunksjonelt fartøy
OV Ryvingen skal nyttast til ulike vedlikehaldsoppdrag langs kysten, til dømes vedlikehald og drift av fyrstasjonar, lykter og lanterner, samt flytande merker. Samtidig er fartøyet ein del av beredskapen til Kystverket, og kan nyttast i oljevernaksjonar og andre beredskapsoppgåver.

– OV Ryvingen er godt budd for større oljevernaksjonar som går over tid. Blant anna har fartøyet eit eige operasjonsrom på brua som kan nyttast til aksjonsleiing, seiar skipsførar Tellef Bie Gundersen.

– Vi har også omfattande utstyr til oljeoppsamling, samt større kapasitet enn tidlegare på oljetankar og oppsamlingstankar. Det er også fleire køyplassar enn i andre fartøy, slik at vi har moglegheit til å auke bemanninga til 18 personar ved eventuelle aksjonar.

Den første tida skal fartøyet halde til i region Vest. Planen er deretter at OV Ryvingen skal segle sørover, og ha arbeidsområde frå Stavanger til svenskegrensa.

Nyskapande batteripakke
Motoren i OV Ryvingen er også forbetra frå dei tidlegare fartøya. Blant anna har OV Ryvingen berre ein motor, med ein generator i kvar ende. Batterikapasiteten er på heile 3.000 kW/h, og fartøyet kan segle ein heil dag på batteri. Det er forventa om lag ei halvering av drivstoff-forbruket samanlikna med tilsvarande fartøy i Kystverket utan batteriløysningar.

– Den nye batteripakken på OV Ryvingen har firedobla kapasiteten frå førre båt. Batteriet tåler meir og hurtigare lading og tapping over tid, samtidig som den har lågare volum og større kapasitet enn det som vart levert i førre multifunksjonsfartøy, seier overstyrmann Bjørn André Westerheim.

OV Ryvingen er eit såkalla hybridfartøy, og kan velje mellom å segle på rein batterikraft, på drivstoff eller på ein kombinasjon. Batteria kan ladast med landstrøm eller via generatorane om bord. Batteripakken er fullt integrert med dei andre systema på båten, og ein får dermed nytta kapasiteten fullt ut.

– I tillegg har fartøyet ein heilt ny type propellar – såkalla PM-thrustera levert av Rolls Royce. Dette propellanlegget har blant anna auka effektivitet, brukar mindre energi og har ein forbetra verknadsgrad. OV Ryvingen er det første fartøyet som tek i bruk det nye propellanlegget, seiar maskinsjef Lasse Torskangerpoll. 

Held seg i ro
OV Ryvingen har også system for dynamisk posisjonering (DP), som gjer at båten kan halde same posisjon over havbotnen utan anker over tid – med ein feilmargin på berre ein halv meter. Systemet er basert på ei eiga datamaskin som samlar data om posisjonen, korleis bølgene påverkar skroget, om vinden og kva retning fartøyet peikar.

Dette gjer at fartøyet til dømes kan stå heilt stille for å samle opp olje, eller den kan legge seg heilt inn til eit merke for å arbeide rett frå lemmen. Dette bidreg til å forenkle og effektivisere vedlikehaldsarbeidet langs kysten.

Vann miljøpris
OV Ryvingen er eit miljøfyrtårn, og allereie før overlevering hadde fartøyet fått sin første miljøpris – "The Motorship Award". Prisen vart delt ut til Kystverket og Rolls-Royce Marine for Kystverkets flåtefornyelsesprogram, og dei innovative og miljøvennlege løysningane på OV Ryvingen.

Kystverket har samarbeidd tett med Rolls-Royce Marine om utviklinga av energieffektive og batterihybride løysningar for både OV Ryvingen og OV Bøkfjord, som vart levert i 2017 som det tredje fartøyet i fartøyfornyingsprogrammet til Kystverket. Ei av dei innovative løysningane som bidreg til redusert energibruk er ein stor "termos" som lagrar varme frå motoren, og gjenbruka den til oppvarming om bord. Resultatet er stadig meir miljøvennlege fartøy.

Siste nytt