U-864: Informasjonsmøte på Fedje 27. juni
Kystverket inviterer til informasjonsmøte om miljøtiltak mot kvikksølvforureining frå U-864, onsdag 27. juni på Fedje.

Stad: Fleirbrukshallen på Fedje
Tid: 27. juni kl 16:30 – 18:30
Kystverket inviterer til informasjonsmøte om miljøtiltak mot kvikksølvforureining frå U-864.
På oppdrag frå Samferdselsdepartementet overleverte Kystverket i 2014 forprosjekteringa av to alternative miljøtiltak for å sikre miljøet mot kvikksølvforureininga frå vraket av ubåten U-864. På bakgrunn av dei geotekniske anbefalingane frå denne forprosjekteringa blei det løyvd midlar for å etablere ei støttefylling for å sikre den rasutsette skråninga under baugseksjonen på vraket. Dette var det første nødvendige steget, uavhengig av val av miljøtiltak. Utlegginga av støttefyllinga blei ferdig i 2016 og har vore geoteknisk overvaka og vurdert sidan. Den geotekniske vurderinga våren 2018 konkluderte med at støttefyllinga no har sett seg og stabilisert skråninga.
Tema under informasjonsmøtet vil blant anna vere:
- Miljøtilstand i fisk og skaldyr ved vraket
- Orientering om Kystverket si utgreiing og anbefaling av miljøtiltak
- Erfaringar og overvaking av støttefyllinga som blei etablert 2016
- Framdrift for gjennomføring av miljøtiltak
- Kystverket og fagekspertar frå Havforskningsinstituttet, Universitetet i Bergen, DNV GL og NIVA vil vere tilgjengelege for spørsmål frå publikum
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil vere til stades og innleier informasjonsmøtet.
Siste nytt
-
Ny podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
-
Høring av forskrift om kommunal beredskap mot akutt forurensning
Kystverket forslag til forskrift om kommunal beredskap er nå ute på høring. Forskriften vil erstatte forurensningsforskriften kapittel 18A om kommunal beredskap mot akutt forurensning.
-
Hør podkaster fra Kystverket
I samarbeid med Lørn.tech har Kystverket spilt inn en podkastrekke, der de overbyggende temaene er teknologi, utvikling og innovasjon. I podkastene blir vi også bedre kjent med Kystverket og etatens samfunnsansvar og oppgaver.
-
Anbefaler nasjonalt maritimt responssenter
Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har utarbeidet forslag til maritim strategi for digital sikkerhet. Etatene kommer med flere konkrete anbefalinger, inkludert etablering av nasjonalt responssenter.
-
Ny organisering av Kystverket frå 1. januar
– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Gå til nyhetsarkiv