Publisert: , Oppdatert:

Ytre Nordfjord Turlag ny leigetakar på Kråkenes fyr

Seks interessentar søkte Kystverket om å ta over som leigetakarar på Kråkenes fyr i Sogn og Fjordane. Etter ei nøye vurdering av søknadane fall valet på Ytre Nordfjord Turlag som ny leigetakar.

Kråkenes fyr.

Ytre Nordfjord Turlag er eit lokallag under Sogn og Fjordane Turlag, ei fylkesforeining i Den Norske Turistforening.

Turlaget er ikkje ukjend med drift av fyrstasjonar. Sidan 2003 har det også hatt leigeavtale med Kystverket om bruk av Skongenes fyr som turlagshytte. Erfaringa og kunnskapen frå den drifta vil dei no nytte på Kråkenes fyr.

– Med Ytre Nordfjord Turlag får vi ein leigetakar med lokal forankring, som vi også har god erfaring med frå drifta dei har på Skongenes fyrstasjon. Med eit driftskonsept som turistforeningshytte som inngår i Kystledsnettverket i Norge blir fyrstasjonen veldig open for ålmenta, og samtidig har Ytre Nordfjord Turlag ein god plan for kulturminnevern og -formidling, fortel senioringeniør Svein Gunnar Vallestad i Kystverket.

I første omgong er Ytre Nordfjord Turlag tilbydt ei leigeavtale på tre år.

Siste nytt