Publisert: , Oppdatert:
- Sunniva Ullavik Erstad

Noregs vestlegaste fyr

Ved innseglinga til Sognefjorden ligg øygruppa Utvær. Ein skulle tru at dette var ein strategisk viktig stad for eit fyr, men Utvær fyr vart ikkje tent før i 1900. I dag er fyret landets vestlegaste, og eit av hovudfyra langs kysten på Vestlandet. Denne veka blir den nye 50-kroneseddelen lansert med karakteristiske Utvær fyr som hovudmotiv. 

Utvær var tidleg sentral for tryggleiken til sjøs i området. Allereie i 1770-åra var det losstasjon på øygruppa. Lostenesta på Utvær gjekk i arv frå far til son i fleire generasjonar, slik tradisjonen lenge var langs hele kysten.

Men til trass for si sentrale plassering vart ikkje Utvær fyr tent før den 15. september 1900 – heile 60 år etter den store utbygginga av fyr i Noreg starta. Utvær fyr skulle vere den første landkjenninga for sjøfarande på veg frå storhavet og inn mot Sognefjorden. Sjølve fyret vart bygd i støypejern, og var godt synleg i området.

Det vart også sett opp eit større hus for beteninga på fyret. Huset vart delt inn i tre leilegheiter. Fyrvaktaren fekk tre rom, kjøkken og to loftsrom, og assistenten hadde eit rom mindre. Reserveassistenten måtte klare seg med eit rom og kjøkken. Det vart også bygd uthus og naust til beteninga.

Angrepet under 2. verdskrig

I 1944 vart fyret okkupert av tyskarane, og fyrmeisteren med familie flytta inn til Hjønnevåg. Berre eit år seinare, våren 1945, vart fyret skada i eit angrep frå allierte fly. Lykta og linsa vart øydelagde, og både bustaden og uthuset brann ned. To tyske soldatar vart drepne i åtaket, og resten av tyskarane forlét øya like etterpå.

Det gjekk ikkje lang tid før attreisinga starta. Det første som vart bygd var uthuset som i dag vert kalla "Brakka". Det sto ferdig i november 1945, og fyrmeisteren med familie flytta tilbake på Utvær. Fyrmeisteren fekk seinare eit nytt hus, og på grunnmurane til den originale fyrmeisterbustaden vart det bygd eit hus med to leilegheiter til resten av fyrbeteninga.

Fyret fekk også eit nytt lyktehus og ny linse i 1952. Desse var noko mindre enn det som opphavleg var sett opp. Det vesle bifyret, som er plassert på ei betongsisterne like ved hovudfyret, vart sett opp i 1952 for å vise farlege grunner og holmar nord for Utvær.

I dag består anlegget av fyr og bifyr, maskinhus, arbeidsrom/bustad og uthus.

Samlingspunkt for fiskarar

Utvær var lenge eit viktig fiskevær på Vestlandet. Det var eit samlingspunkt for fiskarar som venta på betre vêr, og under det store sildefisket på 1800-talet budde mellom 200 og 300 menneske i det vesle øysamfunnet. Etter kvart utvikla fiskerinæringa seg til å bli ein industri med store båtar, og fiskerisamfunnet på Utvær vart gradvis fråflytta.

Ei rekkje aviser trykte i februar 1963 ein notis om at Utvær hadde den minste, og dessutan den vestlegaste, skulen i Norge. Fire elevar i forskjellige klassetrinn vart undervist av ei 17 år gammal lærarinne. I sommarhalvåret gjekk elevane på skule på fastlandet.

I 1985 var det berre to familiar att på Utvær. Beteninga på fyret var dei siste som flytta. Dei budde der til 2004, då fyret vart automatisert.

Populært besøksmål

I dag er Utvær fyr er eit populært besøksmål. Husa på fyrstasjonen er haldne godt ved like, og vert i dag nytta som hytter. Mange gjestar kjem til fyrstasjonen, både på dagstur og for å overnatte.

I 2010 vart foreininga Vener av Utvær stifta. Dei arbeider for å gjere øysamfunnet og historia kjend, og for å auke aktiviteten og besøka på Utvær. Dei har også i samarbeid med Kystverket og Solund kommune restaurert naustet, fyrmeisterbustaden og «Brakka» tilbake til same stand som dei vart  oppbygd etter krigen.

Utvær på den nye 50-kronesetelen

Torsdag 18. oktober vart den nye 50-kronesetelen lansert av Norges Bank. Setelen ein del av den nye setelserien til Norges bank som blir lansert i perioden 2017 – 2019.  Målet med lanseringa er å auke tryggleiken til setelen som betalingsmiddel.

Temaet for heile setelserien er havet, og på 50-kronesetelen er det Utvær fyr som dannar motivet. På framsida ser du toppen av det karakteristiske støypejernsfyret på Utvær, og på baksida av setelen kan du skimte eit lyssignal frå eit fyr.

50-kronesetelen blir offisielt lansert på eit arrangement i Horten den 18. oktober, og blir tilgjengeleg frå same dato. Les meir om den nye 50-kronesetelen her. Under kan du også sjå ein kort film om den nye setelen og Utvær fyr. 

Fakta

Månedens fyr

Denne artikkelen er del av serien Månedens fyr. 
Du finner tidligere saker her.

Siste nytt