Inviterer fylkeskommunene til webinar om statlege fiskerihamner
I samband med at Kystverket har utarbeidd ein informasjonspakke om statlege fiskerihamner til alle fylkeskommunene, inviterer Kystverket til eit webinar tysdag 22. januar klokka 12.00–15.00.

Med regionreformen vart det bestemt at eigarskap, forvalting, drift og vidare utbygging av statlege fiskerihamner skal overførast til dei nye regionane. Regjeringa meiner at utvikling av fiskerihamneanlegg er næringspolitikk som fell naturleg inn under samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunane. Og Stortinget meiner at dei nye folkevalgte regionane er betre eigna til å avklare kvar ein skal satse på ulike næringar i eigen region. Dette gjeld også for fiskeri.
Kystverket, som har hatt dei statlege fiskerihamnene i si portefølje, er bedt om å legge til rette for ei overføring av desse, etter nærare avtale med den enkelte region.
I samband med dette arbeidet har Kystverket gjort ei omfattande kartlegging og utarbeidd ein informasjonspakke om dei statlege fiskerihamnene for regionane.
Webinar om informasjonspakkane
Tilsette i fylkeskommunane som skal nytte informasjonspakkane og jobbe med eigedomstema knytt til fiskerihamnene vert derfor invitert til eit webinar (nettbasert seminar) tysdag 22. januar frå klokka 12.00 til 15.00.
Hovudtema for webinaret er:
- Kort om nedlasting og bruk av informasjonspakken, herunder ulike versjonar m.m.
- Nærare om innhaldet i informasjonspakka:
- dei ulike informasjonskategoriane og forståinga/nytta av desse
- dei ulike dokumenttypane
- forventningsavklaringar om innhald m.m
- Eigedomsrettslege tema av særleg relevans for fiskerihamnene:
- informasjon om korleis ei statleg fiskerihamn kan forståast i eigedomsrettsleg forstand
- nærare informasjon om dei ulike grunneigarfråsegntypane og arealtypar
- enkelte særlege relevante tema
Påmelding til webinaret: christian.tallberg@kystverket.no
Påmeldingsfrist: torsdag 17. januar
Dersom påmeldinga gjeld fleire personar må den innehalde opplysningar om e-postadressa til alle påmeldte.
Opplys også om du/dykk ønsker å delta på testoppkoplinga.
Kystverket nyttar Skype for business til webinaret. Erfaringsmessig kan enkelte eksterne brukarar ha utfordringar med oppkopling til Skypemøter. Derfor vil vi gjennomføre ei testoppkopling på måndag 21. januar, for dei som har behov for å teste om slik oppkopling fungerer eller ikkje. Ein eigen invitasjon vert sendt til testoppkoplinga, slik at dei som har utfordringar med oppkopling får høve til å gjere eventuelle oppsettendringar eller liknande på eiga maskin/eige system.
Det blir sendt ut ein nedlastingslink til ein oppdatert informasjonspakke til fylkeskommunane før webinaret, slik at denne er tilgjengeleg for nedlasting seinast til måndag 21. januar.
Siste nytt
-
Nye regler om fartsgrenser på sjøen
Alle båtførere må være forsiktige og tilpasse farten etter forholdene. I tillegg kan man ikke ha høyere fart enn fem knop innenfor 50 meter fra steder hvor folk bader eller − fra bademerkebøyer. Disse reglene gjelder i tillegg til lokale fartsgrenser.
-
Kystverket overtar SOMMs ansvar innen oljevern
Endringene trer i kraft 1. januar 2022.
-
Nå kan fartøy forhåndsmelde seilasen digitalt til sjøtrafikksentralene i SafeSeaNet
Dermed kan fartøy før ankomst til eller avgang i tjenesteområdet sende inn søknad om å bruke tjenesteområdet til sjøtrafikksentralene gjennom SafeSeaNet. For fartøy med større lengde enn 100 meter eller for fartøy med farlig eller forurensende last er det et krav om at slik søknad skal sendes inn minst en time før avgang.
-
Få søknadsveiledning – spar tid og arbeid
I mai er det søknadsfrist for både tilskuddsordningen for godsoverføring og tilskuddsordningen for effektive og miljøvennlige havner. Kystverket tilbyr veiledningsmøter i forkant av søknadsfristen, slik at potensielle søkere får forbedret søknadene sine.
-
Øvelse Arctic Guardian – landene i Arktisk råd samarbeider om søk og redning og miljøberedskap
Kystverket, Hovedredningssentralen og Kystvakten deltar 12.-14. april på den internasjonale beredskapsøvelsen Arctic Guardian 2021.
- Gå til nyhetsarkiv