Publisert: , Oppdatert:
- Øyvind Sandbakk

Tilskotsordning for meir effektive og miljøvennlege hamner

Kystverket lyser no ut ei ny ordning med tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner.

Tilskot til effektive og miljøvennlege hamner skal bidra til å auke effektiviteten i logistikkjeda gjennom tlitak i hamn. Tilskotet kan nyttast til investering i hamneinfrastruktur, tilkomstinfrastruktur og mudring. Tilskotet kan ikkje nyttast til investering i superstruktur, som kraner og bygningar.

– Tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner er eit verkemiddel som skal bidra til meir effektiv sjøtransport, og slik bygge opp under satsinga til regjeringa for å effektivisere godstransporten. Vi i Kystverket er spent på korleis ordninga blir mottatt hos hamnene. Vi håper at ordninga vil munne ut i gode prosjekt med varige resultat, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

50 millionar kroner

I statsbudsjettet for 2019 er det løyvd 50 millionar kroner til denne ordninga. Fristen for å søke er 2. juni 2019, og prosjekta må være ferdig innan 30. november 2019.

– Sjølv om det finst avgrensingar for kva type prosjekt som kan søke tilskot, er eg overtydd om at det finst fleire prosjekt som kan vere interessante for ordninga. I 2019 er det særs korte fristar, noko som stiller høge krav til prosjekta, seier seniorrådgivar Øyvind Sandbakk i Kystverket.

Siste nytt