Publisert: , Oppdatert:
- Pål Are Lilleheim

– Fritidsflåten må ta omsyn til nyttetrafikken!

− Det er viktig at dei som ferdast i fritidsbåt tar spesielle omsyn til nyttetrafikken. Kvart år opplever vi altfor mange nestenulukker med fritidsbåtar som kryssar for nært, eller som legger seg altfor nært dei store fartya. Hugs at fartya i nyttetrafikk er store og tunge, og difor er manøvrering og fartsjustering meir krevjande for dei, seier kystdirketør Einar Vik Arset. 

Bildet viser ei nestenulukke for nokre år sidan. Det gjekk bra i denne situasjonen, men det er viktig at alle gjer sitt for å unngå slike situasjonar. Og dei som er ute i fritidsbåt må vise ekstra sjøvett og omsyn. (Arkivfoto: Tone Haugerud)

Kvart år registrerer Kystverket for mange tilfelle av konflikt mellom småbåtar og nyttetrafikken. Oslofjorden er eit pressområde, med mykje trafikk inn og ut − samstundes som det er stor aktivitet med fritidsbåtar i alle variantar og storleker. Men i resten av landet opplever ein også altfor mange situasjonar der fritidsbåtar legg seg altfor nær dei store fartya som går i nyttetrafikk, og at det difor oppstår farlege situasjonar.
– Det er snakk om unødvendige tilfelle av nestenulukker. Nyttetrafikken har definerte farleier dei seglar i. Dei følger plikter, pålegg og reglar. Dette er som regel større farty, som brukar tid på å endre kurs og justere fart, så det er først og fremst dei som fører småbåtane som må utvise meir sjøvett og ta omsyn. Det handlar eigentleg om bruke sunn fornuft, og om å ta omsyn til både seg sjølv og andre, seier kystdirektøren.

Mykje trafikk på sjøen

Sesongen for fritidsbåtfolket er i gang, og allereie no er det registrert situasjonar med slike nestenulukker mellom fritidsbåtar og store farty. Og det er både hurtiggåande fritidsbåtar og seglbåtar som har vore involvert.

– Vi får høyre frå losane våre om slike situasjonar kvart år. Så langt har det gått fint, men i nokre tilfelle er det snakk om tilfeldigheiter som gjer at utfallet ikkje blir langt meir alvorleg, forklarar Arset.

Det er framleis tidleg i sesongen, men den spesielle situasjonen vi opplever i år gjer at aktiviteten på sjøen er venta å bli stor gjennom heile vår- og sommarsesongen. Med større aktivitet stiller det også større krav til dei som ferdast på sjøen.

– Vår oppmoding er difor soleklar: Vis omsyn, følg sjøvettregalene og sjøveisreglane. Det er lite som skal til for at tida på sjøen skal bli den hyggestunda man ønskjer når ein er ute med fritidsbåten. Samstundes blir det tryggare og betre for dei som har sjøen som sin arbeidsplass, seier kystdirektøren.

Har vikeplikt

Og om du skulle lure: Fritidsbåtar har vikeplikt for nyttefartøy som ferjer, cruiseskip, lasteskip og fiskebåtar som driv fiske. Vikeplikta gjeld uansett retning nyttetrafikken kommer frå. Store skip klarar ikkje å manøvrere på same måte som mindre fritidsbåtar. I tronge farvatn og sterkt trafikkerte områder er det ekstra viktig at fritidsbåtbrukarane tar omsyn til nyttetrafikken, og i situasjonar med dårlig sikt må alle som ferdast på sjøen senke farta.

Siste nytt