Gir sjøfarande tilgang til betre djupnedata
Ein ny rettleiar for bestilling av djupnemåling i hamner og ved kai skal sørge for at fleire nyttar sertifiserte oppmålarar. Det vil gi skipsfarten tilgang til betre djupnedata.

Både Kystverket og Kartverket får stadig førespurnader frå hamner og kaieigarar som ønskjer informasjon om djupne. No har dei to etatane gått samen for å utvikle ein ny rettleiar.
– Vi ser at fartøya blir stadig større, medan hamnene stort sett har samme størrelse. Mange ønskjer meir djuptgåande for å få meir last med seg ut frå hamna. Data om djupne vert difor etterspurt i samband med nyetablering av kaier, mudring utanfor kaianlegg eller for prøve å få inn større fartøy. Då treng det høy detaljeringsgrad og god kvalitet på informasjon om djupne, fortel Erik Blom, losdirektør i Kystverket.
Den nye rettleiaren skildrar korleis ein aktør bør gå fram for å kjøpe godkjente djupnemålingar utanfor eit område eller ei kai. Føremålet er at kaieigarar og andre interessentar som samlar djupnedata skal nytte seg av sertifiserte oppmålarar, slik at både lostenesta og sjøfarande elles kan få tilgang til betre data om djupne via offisielle ENCer.
– Djupnemålingane vil på denne måten inngå i offisielle navigasjonskart og dermed kunne nyttast av både skipsfart og losar, understrekar Odd Sveinung Hareide i Kystverkets losteneste.
Rettleiaren er utvikla i samarbeid med Kartverket Sjødivisjonen, med innspel frå sertifiserte oppmålarar som Wise Survey og GeoSubSea.
– Kartverket har etablert ei frivillig godkjenningsordning for private selskap innan sjømåling og behandling av hydrografiske data. Førebels er det dei to nemnde selskapa i Noreg som er godkjent for å hente inn djupnedata, prosessere desse og levere dei til Kartverket for inkludering på offisielle nautiske produkt, seier Jan Torstein Ådland i Kartverket Sjødivisjonen.
Last ned rettleiaren her:
200417 Veileder for bestilling av dybdemåling i havner og ved kai.pdf
For meir informasjon:
Odd Sveinung Hareide, Nautisk rådgiver FoU
e-post: odd.sveinung.hareide@kystverket.no
Tlf 95124757
Sjå filmen om Kartverket sine djupnedata
Hamneutbetring i Træna. Foto: Lisa Marie Strømquist/Kystverket
Siste nytt
-
Podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
-
Høring av forskrift om kommunal beredskap mot akutt forurensning
Kystverket forslag til forskrift om kommunal beredskap er nå ute på høring. Forskriften vil erstatte forurensningsforskriften kapittel 18A om kommunal beredskap mot akutt forurensning.
-
Hør podkaster fra Kystverket
I samarbeid med Lørn.tech har Kystverket spilt inn en podkastrekke, der de overbyggende temaene er teknologi, utvikling og innovasjon. I podkastene blir vi også bedre kjent med Kystverket og etatens samfunnsansvar og oppgaver.
-
Anbefaler nasjonalt maritimt responssenter
Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har utarbeidet forslag til maritim strategi for digital sikkerhet. Etatene kommer med flere konkrete anbefalinger, inkludert etablering av nasjonalt responssenter.
-
Ny organisering av Kystverket frå 1. januar
– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Gå til nyhetsarkiv