Publisert: , Oppdatert:

Har testa banebrytande navigasjonsverktøy

I samband med innseglinga til verdas største løftefartøy, «Sleipnir», til Haugesund 4. april, testa Kystverket og S-100 Demonstrator Project digitale verktøy som skal bidra til enda sikrare og meir effektive seglasar i framtida.

Fleire digitale verktøy blei testa, det eine var filming av innseglinga i 360 graders videoformat; det andre bruk av eit 3D-verktøy kalla “S-100 Demonstrator” som visar detaljerte data om djupne og havbotn.

Med eit dekk som er 220 meter i lengde og 102 meter i breidde var manøvrering av det enorme løftefartøyet ein særs krevjande operasjon. For å kunne manøvrere konstruksjonen trygt gjennom det tronge farvatnet i nordre innløp til Karmsundet, med minimale marginar, var navigatørane av fartøyet, og to av Kystverket sine losar om bord, avhengig av gode data om innseglinga.

I forkant av innkomsten til «Sleipnir» gjorde Kystverkets kompetansesenter i Haugesund droneopptak av seglingsruta til fartøyet inn til Haugesund i 360 graders videoformat. Desse opptaka blei gjort tilgjengelig for reiarlaget Heerema, navigatør på «Sleipnir», og leiar for operasjon, som eit støtteverktøy i førebuinga av seglasen. Denne type video gir navigatørar mogelegheit til å bevege seg rundt i biletet for å få eit betre inntrykk av farvatnet ein planlegg å seglas i. Erfaringar frå dei første testane blir tatt med i ei vidare utvikling av tenestar knytt til Kystverket sin digitale ruteteneste.

Sjå video frå innseglinga

Skal vidareutviklast i nasjonal ruteteneste

‒ Denne seglasen ga oss mogelegheit til å gjennomføre den første testen, og bygge erfaringar om korleis vi i framtida kan visualisere deler av skipsleia til nytte for navigatørar og andre brukarar. Når navigatøren nyttar den digitale rutetenesta til Kystverket vil han eller ho få tilbud om ein portefølje av digital informasjon. Navigatørar val sjølv kva for ein informasjon dei vil nytta for sin seglas eller operasjon. Ambisjonen er at ein av desse tenestane blir ei visualisering av deler av farleia, innseglingar og hamner, seier avdelingsleiar Jon Leon Ervik i Kystverket sitt kompetansesenter i Haugesund.

Same veke blei det filma fleire skipsruter inn til Haugesund i 360 graders videoformat med drone. Desse opptaka skal testas og utviklas vidare i samband med Kystverket sin digitale ruteteneste som for tida er under utvikling. I rutetenesta, som i løpet av 2020 blir tilgjengelig langs heile kysten, skal Kystverket gjennom forskings- og utviklingsprosjektet sjå på moglegheita for å gjere 360 graders video tilgjengelig for navigatørar og reiarlag, slik at det kan brukast til planlegging av seglasar i spesielt krevjande farvatn langs heile kysten. 

Ein viktig del i den vidare testinga blir å sjå på moglegheita for å kombinere 360 graders video med anna teknologi, eller utvida verkelegheit. Dette gjer det mogeleg for navigatørar å få enda fleire detaljer om objekt i farvatnet eller anna viktig informasjon om området ein skal segle i. Eksempel er sentrale navigasjonsmerker og ver- og vindforhold. Val av aktuelle farvatn blir gjort på bakgrunn av tilbakemeldingar frå navigatørar. 

‒ Bruk av 360 graders video til sjøs med drone er nybrottsarbeid. Dette er første gangen vi prøver dette ut. Viss testinga blir vellykka, kan det på sikt bli aktuelt å innføra denne type teneste på fleire spesielt kompliserte strekningar langs kysten, seier prosjektleiar for den digitale rutetenesta i Kystverket, John Morten Klingsheim.

Tenesta vil då bli gjort tilgjengeleg via den digitale rutetenesta, routeinfo.no, som tilbyr kvalitetssikra digitale seglingsruter til navigatørar som seglar langs kysten. 

Testar 3D visning av djupnedata

Under sjølve seglasen til «Sleipnir» 4. april testa lostenesta i Kystverket kartvisningsverktøyet S-100 Demonstrator som gir 3D-bilete av djupneforhold. Detaljerte data om djupna i den tronge innseglinga var viktig for å ta i vare sikkerheita under seglasen. På dei trongaste stadane var det bare få meters klaring på kvar side. Verktøyet blei hovudsakleg brukt under planlegginga av den kompliserte operasjonen, men også som eit støtteverktøy saman med elektroniske sjøkart for losane undervegs.

Les korleis losane løste oppdraget

Det same verktøyet blei også brukt av Kystverket sin sjøtrafikksentral på Kvitsøy, som overvaka og regulerte skipstrafikk i nærleiken under "Sleipnir" sin seglas til Haugesund.

Vil samle nyttig data på ein plass

Dei ulike testane som denne uka blei gjennomført i Haugesund skjer i regi av forskings- og utviklingsprosjektet S-100 Demonstrator Project, som er ei vidareføring av S-102 Demonstrator Project der kartvisningsverktøyet som visar djupnedata i 3D er utvikla. Begge prosjekta er finanisert med midlar frå Norges forskningsråd og MAROFF2 programmet.

I prosjektet jobbar Kystverket saman med Kartverket, Forsvaret, PRIMAR og Kongsberg Digital, i tillegg til Stavanger hamn og Kristiansand hamn, for å forske på og utvikle nytt digitalt visningsverktøy og bruk av internasjonale standardar for betre sjøsikkerheit. Prosjektet er leda av Electronic Chart Centre (ECC).

‒ Målet med forskings- og utviklingsprosjektet er å utvikla eit verktøy som samlar nyttig og kvalitetssikra geografisk informasjon på ein plass, for å sikre at navigatørar og andre som treng desse data får tilgang via ein kjelde. Eit eksempel i tillegg til elektroniske sjøkart og djupnedata, er informasjon om straum, ver og tidevatn, som er viktige detaljer for navigatørar og andre som planlegg seglasar, seier Sølvi Tunge i ECC, som er ansvarleg for operasjonell testing i prosjektet.

Siste nytt