Publisert: , Oppdatert:
- Lill Therese Opsahl Haugen

Digital konferanse – Forum for framtidas oljevern

«Forum for framtidas oljevern» er ein årleg konferanse som skal styrke norsk oljevern. I år vert den arrangert digitalt 15. – 16. september 2020.

Øvelse på Svalbard. Foto: Kystverket

Konferansen har som mål å fremje samarbeid og felles forståing for behov og utfordringar ved innsats mot akutt forureining. I år er temaet eit effektivt og heilskapleg oljevern, med særleg fokus på nordområda og mekanisk oppsamling.

Konferansen skal bidra til å sikre at forsking og utvikling er relevant for den operative beredskapen. Det skal vere ein arena for å avdekke utfordringar og kunnskapsbehov når det gjeld oljevern, som vi trenger ein felles innsats for å løyse.

Kystverket er med på å arrangere saman med Miljødirektoratet og SOMM (Senter for oljevern og marint miljø).

Les meir og meld deg på her: 
https://www.marintmiljo.no/artikkel/forum-for-framtidas-oljevern/

Siste nytt