Publisert: , Oppdatert:

Ytre Møkkalasset får lyset sitt tilbake

Fyrtårnet med det spesielle namnet blir no restaurert og skal igjen lyse ut over Skagerrak. Ytre Møkkalasset fyr, og meir enn 20 andre fyr, skal pussast opp med ekstramidlar som regjeringa løyvde i samband med virusutbrotet for å styrke den kriseramma bygg- og anleggssektoren.

På verdas fyrdag, 18. august, er det fint å kunne fortelle at intensjonen er at oppussinga av alle fyra skal settast i gang i år, men at nokre av dei ikkje blir ferdige før neste år.

For Ytre Møkkalasset er restaureringsarbeidet planlagt utført dette året, mens igangsetting av lyset blir gjort i 2021.

Når fyrtårnet no blir rehabilitert, blir det i første omgang  sandblåst skånsamt inne og ute for å fjerna måling og rust. Inne i tårnet skal det trappa bli bygd på nytt etter gamle teikningar frå 1940.

– Vi har sandblåst, grunna og målt utvendig og innvendig. Glasa på vindauga og lyktehuset blir montert i denne veka. Det står att å montere stålbjelkar som etasjeskillere, opplyser Belinda Pedersen, overingeniør ved regionkontoret i Sørøst. 

IALA-standard

Ytre Møkkalasset fyr er freda. Samtidig er fyrtårnet strategisk plassert i skipsleia nord for Eydehavn.

– Området er mørkt, og behovet for å aktivere fyrstasjonen på nytt er absolutt til stades, forklarer senioringeniør Steinar Hansen.

Region søraust har utarbeidd ein plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinstallasjonane og legge om farleia i området til såkalla IALA-standard. I denne planen inngår å reaktivere fyret som sektorfyr.

– Reetableringa av lyset på Ytre Møkkalasset fyr inngår som ein naturleg del av sjømerkeprosjektet. Fyret skal primært sikre seglasen inn til Eydehavn, som er eit hamneområde for industri utanfor Arendal. For store skip som kjem frå sør vil navigatørane kunna stemna den kvite sektoren til fyret og gå klar Molen og Dalsgrunnen før skipa legg babord over og stemnar trygt inn til Eydehavn. Sektorfyret har også nytte for fritidsbåttrafikken i området, fortel Hansen.

Ekstramidlar

Som nemnt er Møkkalasset eit av fleire fyr som i år får ei oppgradering i form av vedlikehald av bygningsmassen takka vere kjærkomne ekstramidlar frå styresmaktene. I samband med at Stortinget 31. mars vedtok økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet, vart det løyvd ekstra millionar til Kystverket sitt arbeid med å ta vare på fyrstasjonane langs kysten.

Og kva passar vel betre enn å fokusere på dette på verdas fyrdag, ei feiring av det viktige lyset langs kysten vår. Ein fin dag å markera eit fellesskap med alle som bryr seg om å ta vare på fyr både i Noreg og verda over. Sjølv ein «fersk» kystdirektør har fått med seg både symbolikken og funksjonen desse bygga har.

– Det er nok først etter eg tok til i Kystverket at eg har fått augene opp for desse skattane. Dette er viktig monument for havnasjonen, og er framleis til nytte for sjøfarande langs kysten kvar dag, fortel kystdirektør Einar Vik Arset.

Sett utanfrå blir Kystverket assosiert med fyra våre. Arset meiner dei illustrerer både tradisjonar, kultur og på mange måtar essensen av oppdraget vårt om å sikra ei trygg farlei og sikker seglas.

– Ei viktig merkevare og viktige kulturminne, påpekar han.

Og viktigheita av å få midlar til å halda desse ved like kan ikkje underkommuniserast.

– Vi har ei stor oppgåve knytt til det å verne kystens katedralar for ettertida, som eit tidsvitne om eit stort nasjonalt løft for hundre år sidan. For fyrbygginga var verkeleg ei stor satsing på kystnasjonen i ei tid der Noreg hadde heilt andre ressursar å fordela. Og det er litt fascinerande at denne «lavteknologien» har ein viktig funksjon i dag også, som ein barriere som fungerer uavhengig av om meir avansert og sårbar navigasjonsstøtte skulle falle ut.

Omfattande vedlikehaldsarbeid

Av 114 fyr i Kystverkets eige, er 68 freda etter kulturminnelova. Desse kystperlene krev konstant vedlikehald. Vêrforholda kan vera ekstreme på desse utpostane mot storhavet. Sommaren er derfor høgsesong for fyrvedlikehold

– Bevaring av fyra våre er ei utfordring, men eit viktig arbeid for å verna kulturarven vår. Rammeoverføringane gjer det ikkje mogleg å halda alle fyrstasjonar i topp stand til ein kvar tid. Til det er bygningsmassen for stor og påkjenningane frå vêr og sjø for store. Fyra treng jamleg tilsyn og vedlikehald for å verne bygningsmassen som kulturminne på ein god måte. Utan fast bemanning på fyra, og med spesielle krav til vedlikehaldet, må Kystverket gjere harde prioriteringar for kva fyr som skal haldast ved like innanfor dei løyvingane vi får tildelt, forklarer sjøsikkerheitsdirektør Arve Dimmen.

Dette gjer at bygningsmasse på vêrharde stader langs kysten nokon gonger må venta lenge mellom kvar gong dei får vedlikehald.

– Vi har det vi kallar eit «etterslep» på vedlikehald både av fyr og av andre navigasjonsinnretningar. Men vi har heldigvis fått auka løyvingar til dette området dei seinare år, og har kunna intensivere dette arbeidet, seier  Dimmen.

Etterslepet har med andre ord vorte litt mindre. I regi av Kystverket blir det brukt rundt 70 millionar kroner på fyrvedlikehold i 2020, og knapt 50 av desse er midlar som er komne som ekstrabevilgning på grunn av koronasituasjonen.

Les òg: Pussar opp vår felles kysthistorie

For å verne bygningsmassen og kulturminna på ein god måte er eit av tiltaka vern gjennom bruk. Det vil seie at vi kontinuerleg jobbar for å finne gode samarbeidspartnarar langs kysten, det vere seg samarbeid med interesseorganisasjonar eller velforeningar. Langsiktige, forpliktande leigeavtalar med seriøse aktørar hjelper oss å halde fyra ved like og å gjere flest mogleg av dei tilgjengelege for ålmenta.

Målet er at fyrstasjonane skal halde fram med å formidle historia både om fyret som navigasjonshjelpemiddel og om menneska som har levd der. Slik kan fyrstasjonene òg vere ein viktig ressurs for verdiskaping og kulturbasert næringsutvikling langs kysten.

 

Lokale partnarar

Kystverket har eit nært samarbeid med fylkeskommunar og kommunar når etaten skal finne leigetakarar. Det er viktig med lokal og regional forankring, spesielt sidan fyra ofte har ein sentral plass i lokalmiljøa, både som symbol for den lokale identiteten og påminning om lokal fiskeri- og sjøfartshistorie.

Oversikt over kva fyr, og korleis midla er fordelte fylkesvis: 

Ytre Møkkalasset fyr

Agder

Digerudgrunnen fyr

Viken

Homlungen fyr

Viken

Store-Torungen  fyr

Agder

Lista fyr

Agder

Ryvingen fyr

Agder

Hellisøy fyr

Vestland

Kråkenes fyr

Vestland

Skongenes fyr

Vestland

Ulvesund fyr

Vestland

Hendanes fyr

Vestland

Skalmen fyr

Møre og Romsdal

Bjørnsund fyr

Møre og Romsdal

Ulla fyr

Møre og Romsdal

Åsvær fyr

Nordland

Bremstein fyr

Nordland

Træna fyr

Nordland

Geita fyr

Vestland

Storholmen fyr

Møre og Romsdal

Skomvær fyr

Nordland

Landegode fyr

Nordland

Makkaur fyr

Troms og Finnmark

Bøkfjord fyr

Troms og Finnmark

Brannverntiltak flere fyrbygninger

Møre og Romsdal og Trøndelag

Siste nytt