Publisert: , Oppdatert:

Varsel om igangsetting av planarbeid; «Detaljreguleringsplan for Mortingbåen og Florevika – utdjuping av leia» i Kinn kommune – PlanID 20200117

Med heimel i plan og bygningslovens § 12-8 kunngjer Norconsult AS på vegne av Kystverket Vest start for arbeidet med «Detaljreguleringsplan for innsegling Florø og Mortingbåen» i Kinn kommune.

Kommunen som ansvarleg myndigheit stiller krav om konsekvensutgreiing (KU) av tiltaka slik at alle relevante verknader av tiltaka blir belyst. Tiltaka vil kunne gje vesentlege konsekvensar for forureining av vassmiljø og sjøbotn, støy i anleggsfasen og naturmangfald.

Hensikten med planarbeidet er utvikle farleia til Florø hamn slik at den i framtida vil være en god og trygg hamn for brukarane. Tiltaka skal sikre at skipsleia har tilstrekkeleg djup og stort nok manøvreringsareal for nødvendig framtidig skipstrafikk. Tiltaka skal:
• Betre tilgjenge for offshore-riggar til og frå Florø hamn
• Redusere sannsynet for grunnstøytingar og botnberøringar
• Redusere ulykkeshendingar / tap av menneskeliv
• Redusere sannsynet for forureinande utslepp som følge av grunnstøytingar etc.

Det er definert tre planområde; Mortingbåen, innsegling Florø-vest og innsegling Florø-øst, med behov for utdjuping. Planområdane og utdjupingsareal (røde) er vist på oversiktskartet:

Sjøareala i og rundt tiltaksområda er i kommunens gjeldande oversiktsplanar avsett til «Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone», «Ferdsel i sjø / Farleier» eller «Næringsområde».

Informasjon om planarbeidet ligg tilgjengeleg på nettsidene til kommunen, Kystverket og Norconsult Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettes til
Kystverket Vest v/ Martin Tveit, tlf. 52 73 32 28, e-post: martin.tveit@kystverket.no, eller
Norconsult AS v/ John Stephen Skjøstad, tlf. 456 36 944, e-post: john.stephen.skjostad@norconsult.com

Synspunkt kan sendast skriftleg eller på e-post innan 30. september 2020 til Norconsult.
Adresse: Norconsult AS v/ John Stephen Skjøstad, Klæbuvn 127b, 7031 Trondheim. Husk å merke innspela med «2020/1276 Detaljreguleringsplan for Mortingbåen og Florevika – utdjuping av leia»

Dokument:

Sjå og prosjektet si nettside "Innsegling Florø og Mortingbåen.

Siste nytt