Publisert: , Oppdatert:

No kjem Stad skipstunnel

Etter regjeringas budsjettforhandlingar med Framstegspartiet (FrP), er det satt av midlar til oppstart av Stad skipstunnel i 2021. Prosjektet er no rekna til å koste 3,45 milliardar kroner å bygge. Samferdselsdepartementet vil så snart som mogleg legge fram eit forslag for Stortinget om løyve til tunnelprosjektet.

Det er no gitt grønt lys for bygging av Stad skipstunnel. Det blir bra for tryggleiken i eit særdeles vêrhardt område, og kan gi meir transport av gods på sjøen. (Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta)

– Stad skipstunnel er eit spennande prosjekt, som er unikt i verdssamanheng. Det har vore ei lang reise, og midlane har ikkje alltid strokke til. Etter budsjettforhandlingane har det kome pengar til oppstart i 2021. Det betyr at prosjektet blir gjennomført. Dette er ein stor dag for nordvestlandet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

– Vi har merka oss at det er politisk semje om å starte arbeidet med Stad skipstunnel. Dette er eit stort, omfattande og ikkje minst interessant prosjekt, og når det er godkjent i Stortinget er vi meir enn klar til å bygge verdas første fullskala skipstunnel. Vi gleder oss no til å etablere ein prosjektorganisasjon, utarbeide konkurransegrunnlag og klargjere for anbod, og parallelt med dette starte prosessane med grunnkjøp, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Som vidare understrekar at dette er eit prosjekt som vil få stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

Mogleg byggjestart i 2021

Prosjektet har enno ikkje vore i Stortinget. Derfor vil Samferdselsdepartementet legge fram ein proposisjon om prosjektet så snart som råd. Så snart prosjektet er godkjent av Stortinget, kan arbeidet fortsette. Kystverket trur det er mogleg å starte bygginga mot slutten av 2021.

Stad skipstunnel har vore utgreia og kvalitetssikra mange gongar. Sist i 2018. Då viste kvalitetssikringa at prosjektet ville koste 3,7 milliardar kroner. Ein milliard kroner meir enn det som ligger i Nasjonal transportplan.

Sidan den gong, har Kystverket gått gjennom prosjektet for å få ned kostnadane. I haust har Kystverkets førelegg vore på ei forenkla kvalitetssikring. Sluttrapporten var klar 5. november. Den sett fast at prosjektet vil koste 3,45 milliardar kroner.

– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet. Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette områda langs Norskekysten. Med ein skipstunnel vil vi betre tryggleiken til sjøs. Prosjektet vil òg legge til rette for ei etablering av snøggbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport, seier samferdselsministeren.

Kontaktperson Kystverket:
Solveig Moe Frøland, kommunikasjonsdirektør
Tlf: 922 08 089

Fakta

Klikk på bilder for større versjon

Se bilder og film på Flickr

STAD SKIPSTUNNEL

  • Stadhavet er det mest værutsatte og farligste havstykket som er langs norskekysten. Målet med prosjektet er å sikre en tryggere seilas forbi Stad.
  • I Nasjonal transportplan 2014-2023 er det satt av 1,5 milliard kroner til prosjektet i første planperiode, og 1,3 milliarder i andre planperiode.

BYGGINGEN

  • Det er lagt opp til konvensjonell sprengning med tunnelborerigg og pallerigg.
  • Det blir utredet tre ulike alternativer for bruk av steinmasser fra tunnelbyggingen, deriblant til etablering av nytt næringsareal i nærområdet.

PROSJEKTET

  • Kystverket har utarbeidet en konseptvalgutredning (KVU 2010) som omhandler alternativene ”Nullalternativet” (uten nye tiltak), ”Liten tunnel” og ”Stor tunnel” (kystruten).
  • Det er også gjennomført kvalitetssikring (KS1-rapport) etter bestilling fra Fiskeridepartementet og fra Finansdepartementet for KVU 2010.
  • I NTP 2014-2023 sa regjeringen at de ønsket å gå videre med et forprosjekt til KS2, med utgangspunkt i det ”store” tunnelalternativet. Dette ansees å ha et større nyttepotensial.
  • Positive effekter, som verdien av tilrettelegging av trafikk fra veg til sjø, trygghet, økt turisme, samt positive effekter for fiskerinæring og øvrige næringer, er ikke prissatt.
  • Stad skipstunnel vil være verdens første fullskala skipstunnel av denne dimensjonen.
  • I NTP 2018-2029 er Stad skipstunnel inne med en ramme lik kostnadsoverslaget på 2,7 milliarder, 1,5 milliarder kroner ligger inne i første del av NTP – for perioden 2018 til 2023.
  • Kystverket overleverte sitt forprosjekt til Samferdselsdepartementet våren 2017. Prosjektet har vært gjennom ekstern kvalitetssikring fase 2 (KS2). 
  • Kystverket gjennomførte en prosjektoptimalisering med leveranse 15. juni 2019 som resulterte i en vesentlig kostnadsreduksjon.
  • I 2020 ble det gjennomført en utvidet kvalitetssikring (KS2) av resultatene av prosjektoptimalisering. 

NØKKELTALL

  • Lengde: 1700 meter
  • Høyde mellom bunn og tak: 50 meter
  • Bredde mellom veggene i tunnelen: 36 meter
  • Seilingshøyde: 33 meter
  • Areal på tverrsnitt: 1661 m2
  • Volum uttak fast fjell: Ca. 3 millioner m3. Tilsvarer cirka 8 millioner tonn med sprengt fjell
  • Estimerte byggekostnader: Ca. 3 milliarder kroner
  • Estimert byggetid: Ca. 3-4 år

Siste nytt