Avhenda 128 ikkje-næringsaktive fiskerihamner i 2019
2019 var eit inntektsbringande år for Kystverket sitt avhendingsoppdrag. 70 ikkje-næringsaktive fiskerihamner vart selde, og 58 anlegg ført tilbake til grunneigarane.

Inntektene frå dei 70 ikkje-næringsaktive fiskerihamnene som blei selde var på vel 25,8 million kroner. I tillegg vart rettar knytt til 58 anlegg «avlest», som vil seie at rettar som Kystverket hadde sikra seg i samband med bygging av anlegget, vart ført tilbake til grunneigarane, slik at rettane og hamnene no er ute av Kystverkets forvaltning.
– Ved inngangen til 2020 står det att 85 statlege ikkje-næringsaktive fiskerihamner. I 2020 har Kystverket framleis i oppdrag å søkje å avhende desse. Siktemålet for 2020 er at flest mogleg av desse hamnene skal overførast til nye eigarar, fortel avdelingsdirektør Vigdis T. Bye i Kystverket, som er ansvarleg for avhendinga.
Planen for 2020 er å oppretthalde aktivitetsnivået og arbeide for å nå målet om å redusere omfanget av Kystverket sitt eigarskap og ansvar for dei statlege fiskerihamnene. Dette for å oppfylle staten sine intensjonar om at Kystverket i framtida ikkje lenger skal ha dette forvaltningsansvaret.
Relaterte tema
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Millionavtale med Partnerplast
Kystverket har inngått avtale med Partnerplast om å få levert sjømerker av typen Dirigens.
-
Nå begynner arbeidet med Stad skipstunnel
Kystverket har nå mottatt oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet, som i realiteten gir grønt lys til oppstart av forarbeidet for bygging av Stad skipstunnel.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Høring: Forskrift om Krigsnavigasjonstjenesten
Kystverket har på vegne av Samferdselsdepartementet sendt på høring utkast til forskrift om Kystverkets støtte til Forsvaret ved kriser og i krig (Krigsnavigasjonstjenesten ). Fristen for høringssvar er 14. mai
- Gå til nyhetsarkiv