Publisert: , Oppdatert:

Endringane i hamne- og farvasslova får konsekvensar for kommunene

– Med mange og delvis omfattande endringar i den nye hamne- og farvasslova ser vi at det er eit behov for at kommuner og andre får ei innføring i kva dette inneber og kva konsekvensar det får for dei. Derfor inviterer vi til ei rekkje informasjonsmøter rundt om i landet, fortel kystdirektør Einar Vik Arset.

Kystdirektør Einar Vik Arset. (Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket)
Kystdirektør Einar Vik Arset. (Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket)

Ved årsskiftet trådde den nye hamne- og farvasslova i kraft, med endringar som har konsekvensar for kystkommuner.

– Endringane i lova påverkar kommunene og deira saksbehandling. Mellom anna er det endringar i regelverket om hamnekapital, ansvar for framkome og reguleringa av ferdselen i kommuna sitt sjøområde. Til dømes er ordninga med ordensføreskrifter fjerna, forklarar Arset.

Dei største endringane for kommunene er i grove trekk desse:

  • Det er gitt ein særskild heimel som gir kommunene myndigheit til å mellom anna regulere ankring, bruk av taubåt og dykking i eige sjøområde. Føreskrifter om ankring skal godkjennast av Kystverket.
  • Ansvaret og myndigheita for navigasjonsinnretningar, samt ansvar for utbetringar i farvatnet, er i sin heilskap lagt til staten.
  • Departementet er gitt myndigheit til å regulere ferdsel i farvatnet. Kommunene er gitt myndigheit til å regulere ferdsel med fritidsfartøy i eige sjøområde.
  • Anløpsavgifta vert vidareført under nemninga farvassavgift.
  • Eigarkommunen kan på visse vilkår ta ut verdiar frå hamneverksemda.
  • Kommunen er gitt høve til mellombels å avgrense oppholdet til fartøy i hamna når dette er naudsynt for å unngå eller avgrense lokal luftforureining.
  • Det er fastsett ein heimel for å kunne stille krav til drift av hamna for å ta i vare hensynet til miljø og sikkerheit.

– Vi ser eit stort behov for informasjon om endringane i lova. Det er veldig viktig at kystkommunene og deira saksbehandlarar er klar over kva konsekvensar det har for dei. I vinter inviterer vi derfor til regionale informasjonsmøter om den nye hamne- og farvasslova. Vi oppmodar alle kystkommuner og andre interesserte om å melde seg på og vere med på desse, seier kystdirektøren.

Følgande informasjonsmøter gjenstår:
4. februar – Ålesund - Quality Hotel Waterfront
5. februar – Vadsø - Scandic hotell
12. februar – Haugesund - Scandic Maritim Hotell
27. februar – Alta - Scandic hotell
10. mars – Svolvær - Svinøya Rorbuer, Galleri Berg
11. mars – Bodø - Radisson Blu
18. mars –Tromsø - Scandic Ishavshotellet

Ytterlegare informasjon om lova og informasjonsmøta finn du her.

Fakta

Ny hamne- og farvasslov

Den nye hamne- og farvasslova vart vedtatt 21. juni 2019 og gjeld frå 1. januar i år. Lova består av ein farvassdel og ein hamnedel, og erstattar hamne- og farvasslova frå 2009 og loslova frå 2014.

Den nye hamne- og farvasslova støttar oppunder måla for transportpolitikken, mellom anna å fremje sjøtransport som transportform og å legge til rette for effektiv, sikker og miljøvenleg drift av hamner og bruk av farvatnet. Lova skal også ta i vare nasjonale forsvars- og beredskapsinteresser.

Siste nytt