Publisert: , Oppdatert:
- Olav Helge Matvik

Sjømerka med lys fungerte 99,8 prosent av tida i 2019

I 2019 hadde navigasjonsinnretningane med lys, altså fyr, lykter, lanterner og lysbøyer, ei oppetid på 99,8 prosent, som samsvarer med målet Kystverket har sett seg.

Brattholmen. (Foto: Per Erik Ose)

Kystverket eig totalt 21 666 navigasjonsinnretningar, og av desse er 6 565 utstyrt med lys og 15 101 er utan lys (stenger, stakar og vardar).

 

2017

2018

2019

Tal på anlegg

6 360

6 503

6 565

Tal på sløkkingar

838

614

609

Tal på sløkkedøgn

6 948

5 732

5 885

Oppetid

99,7%

99,8%

99,8%

 

Kystverket sitt mål om 99,8 prosent oppetid for dei med lys er i tråd med kravet IALA (International Association of Marine Aids to Navigation and Lighthouse Authorities) set til kategori 1-navigasjonsinnretningar, som har det strengaste kravet til oppetid. Måltalet til Kystverket gjeld for samla oppetid for alle innretningane. Dette er eit tøft krav som mange tilsette, både i regionane og reiarlaget til Kystverket, arbeider målretta for å nå – kvar dag, heile året.

– Merkinga av sjøvegen skal vere til å stole på. Då må kravet til oppetid for desse innretningane vere høgt – og ikkje minst bli innfridd. Vi arbeider kontinuerleg med å halde ved like, utvikle og oppgradere sjømerkinga, slik at sjøvegen skal vere tryggast mogeleg å ferdast på, slår kystdirektør Einar Vik Arset fast.

Tala er henta frå Kystverkets årsmelding for 2019. I den kan du lese meir om både navigasjonsinnretningar og alt anna etaten driv med.

Siste nytt