Publisert: , Oppdatert:

Statsbudsjettet: Foreslår meir midlar til godsoverføring

I regjeringa sitt forslag til revidert Statsbudsjett ligg det inne ein auke på 25 millionar kroner i løyvinga til tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø.

– Vi er tilfredse med ei styrking av tilskotsmidlane til nye sjøtransporttiltak som aukar godsoverføringa frå veg til sjø. Dersom forslaget vert vedtatt vil vi då saksbehandle søknadane med utgangspunkt i ei høgare ramme, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

I tillegg til dette inneheld regjeringa sitt forslag ein del budsjettilpassingar som følge av forsinkingar og aktivitetsbortfall grunna koronautbrotet.

Siste nytt