Publisert: , Oppdatert:

No kan du søke om tilskot til hamnesamarbeid i 2021

Kystverket lyser med dette ut ny runde med tilskot til hamnesamarbeid i 2021. Søknadsfristen er 17. januar 2021.

Tilskota til hamnesamarbeid skal bidra til auka transportkvalitet og reduserte prisar for brukarane av hamnene. I 2021 er det løyvd 11,2 millionar kroner til denne ordninga.

– Kystverket har vore ansvarleg for denne tilskotsordninga sidan 2015, og frå første stund har det dukka opp nye prosjekt og initiativ i hamner langs heile kysten. Eg opplever eit stort spenn i prosjekta, og prosjekta fører til interessante samarbeidgrupperingar, rapportar og løysingar. Det blir spanande å følge resultata, ikkje minst på lang sikt. I 2020 hadde vi 12 prosjekt som fekk innvilga støtte, og vi håper på mange søknadar i år og. Sjølv om Covid-19 har gjort den siste tida utfordrande er eg sikker på at nokre prosjekt vil vere interessante for denne ordninga, seier seniorrådgivar Øyvind Sandbakk i Kystverket.

Prosjekta skal vere ferdige innan fristen for sluttrapportering 30. november.

Søknadsfristen er 17. januar 2021.

Interesserte kan finne meir informasjon om ordninga på www.kystverket.no/havnesamarbeid

Siste nytt