Publisert: , Oppdatert:

To Kystverk-skuter til sals

No har du moglegheita til å kjøpe eit Kystverk-fartøy. Både Oljevern 01 og MS Trænen er lagt ut for sal.

Når Kystverket får nye fartøy inn i fartøyflåten sin, betyr det også at gamle fartøy går ut av teneste. Dermed er no to av dei gamle kyst-travarane våre lagt ut for sal.

Oljevern 01 og MS Trænen er begge bygd i 1977 og er velbrukte, men særs godt vedlikehaldne opp gjennom åra. Begge fartøya har i Kystverkets teneste vedlikehaldt navigasjonsinstallasjoner langs heile kysten. Dei har også vore et viktig bidrag både i oljevernaksjonar og ved opprydningsarbeid i samband med naturhendingar.

Etter lang og god teneste er no tida komen, der begge fartøy skal ut av aktiv teneste. Dei ligg no for sal på auksjonen.no, der også fleire Kystverk-saker og ting – som påhengsmotorer, generatorar og mye mer – blir lagt ut for sal dei komande dagane.

Auksjonane finn du her:

Siste nytt