Publisert: , Oppdatert:

Statsbudsjettet: Foreslår 2,5 milliardar kroner til Kystverket

I forslaget til statsbudsjett for 2021 er det løyvd om lag 2,5 milliardar kroner til Kystverket si verksemd. Det er om lag like mykje som i år.

– Sjølv om det er vanskelege tider både for Noreg og resten av verda, er det foreslått å vidareføre rammene våre også i 2021. Det skaper eit godt utgangspunkt for den nye organiseringa vår som er på plass frå årsskiftet, der eit av måla er å utnytte ressursane betre, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Ein del av midlane går til å vedlikehalde navigasjonsutstyr og utbetre innseglingar. 81 millionar kroner er sett av til investeringar i navigasjonsinfrastruktur.

– Det vil også seie at vi får fortsette arbeidet med å redusere vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinnretningane våre. Det har vore ei viktig satsing gjennom fleire år. Arbeidet med å utvide VTS-dekningsområdet på vestlandet får også fortsette, seier kystdirektør Arset.

Vidare er det sett av 91 millionar kroner til investeringar i farleier.

– Farleistiltaka bidrar til at farleiene vert djupare og breiare. Det vil seie at vi får ein navigasjonsinfrastruktur med betre sikkerheit og framkome, som reduserer risikoen for uhell som kan sette både helse og miljø i fare, fortel Vik Arset.

I forslaget til statsbudsjett er desse farleisprosjekta nemnde:

  • innsegling Grenland, i kommunene Porsgrunn, Bamble og Larvik, Vestfold og Telemark – ferdigstillast i 2021
  • innsegling Bodø, Bodø kommune, Nordland – ferdigstillast i 2021
  • innsegling Bulandet, Askvoll kommune, Vestland – ferdigstillast i 2022
  • innsegling Forsøl, Hammerfest kommune, Troms og Finnmark – ferdigstillast i 2022
  • innsegling Maurholen, Eigersund kommune, Rogaland – ferdigstillast i 2022.


Les meir om forslaget til statsbudsjett for 2021 her. 

Siste nytt