Publisert: , Oppdatert:
- Lill Therese Opsahl Haugen

Ikkje meir kvikksølv i fisk ved Fedje

I ei årrekke har forskarar sjekka kvikksølv-nivå i fisk og skaldyr frå området rundt ubåtvraket ved Fedje. Her er funna for 2019.

Det tyske ubåtvraket U-864 fra 2. verdskrig ligg på 150 meters djup utanfor Fedje i Hordaland. Vraket vart funne i mars 2003, og Kystverket har ansvaret for oppfølging av ubåtvraket på vegne av norske myndigheter.

Eit område på 30 000 kvadratmeter rundt vrakdelane er forurensa av kvikksølv. Det har vorte diskutert over lang tid kva som er det beste alternativet for å hindre vidare forureining, og ei rekke utredninger og undersøkingar er gjennomført.

Sidan 2004 har Havforskingsinstituttet (tidlegare NIFES) tatt årlege prøvar av fisk og krabbe frå området og sjekka for innhald av kvikksølv.

Årets rapport med resultat frå prøvane som blei tatt i fjor er no publisert.

  • Brosme tatt rett ved vraket har ikkje meir kvikksølv i seg enn den som er tatt fire nautiske mil lenger sør eller nord.
  • Nivået er heller ikkje høgare enn i brosme tatt andre stader på Vestlandet.
  • Ingen av taskekrabbane som har vore fiska i 2019 eller tidlegare har hatt nivå av kvikksølv over grenseverdien i klokjøtet.
  • I innmat av krabbe har derimot forskarane funne forholdsvis høge nivå av kvikksølv både ved vraket og nord for vraket, men ikkje sør for vraket.

Les heile saka - her kan du også laste ned rapporten

Les meir om ubåtvraket ved Fedje

Siste nytt