Publisert: , Oppdatert:
- Olav Helge Matvik

Millionavtale med Partnerplast

Kystverket har inngått avtale med Partnerplast om å få levert sjømerker av typen Dirigens.

Dirigensar, som denne utanfor Tromsø, er såkalla HIB-ar – altså hurtigbåtmerker med indirekte belysning. (Foto Espen Wilhelmsen/Kystverket)

Dirigens Lux og Dirigens Mini er såkalla HIB-ar (hurtigbåtmerker med indirekte belysning) som er sjømerker med ei lykt som lyser opp merket.

Avtalen er gjort etter ei offentleg utlysing, og er på fire år, pluss opsjon på to år til. Den har eit stipulert årsvolum på om lag 19 millionar kroner.

– Vi har køyrd ein lang og grundig prosess for å få ein best mogeleg samarbeidspartnar. Partnerplast viser at dei er eit selskap med eit positivt fokus på å vidareutvikle både bedrifta og komponentane dei produserer, fortel Sven Martin Tønnessen, direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.

Kriteria som blei vurdert var pris, kvalitet, vidareutvikling og forbetringar, kvalitet, berekraft og miljø.

– Miljø og berekraft var blant kriteria, og Partnerplast kan nytte 20–30 prosent resirkulert materiale til sine dirigensar. I tillegg tek dei i mot og resirkulerar komponentar når vi kasserar dirigensar, seier seniorrådgivar Mette Dybvik, som forvaltar avtalen for Kystverket.

Kystverket ser fram til eit godt samarbeid som skal vere med på å gjere sjøvegen enda sikrare i åra som kjem.

Siste nytt