Publisert: , Oppdatert:

No er det klart for bygging av Stad skipstunnel

Om nokon framleis har vore i tvil – det blir skipstunnel. Regjeringa la i dag fram ein proposisjon for Stortinget om å byggje Stad skipstunnel.

Slik kan skipstunnelen se ut når den står ferdig om noen år. Illustrasjonen viser innseilingen fra Kjøde − i den nordlige enden av skipstunnelen. (Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta)

Det har vel vore klart ei stund, men i dag kom dei siste offisielle føringane frå regjeringa på plass i form av ein proposisjon om Stad skipstunnel, som vart godkjent i statsråd.

– Bygginga av Stad skipstunnel vil fjerne ein viktig barriere for skipstrafikken i eit av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs norskekysten. No stadfestar vi bygginga av prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

– Dette er eit stort, omfattande og ikkje minst viktig prosjekt for Kystverket og kyst-Norge, og vi meir enn klar til å bygge verdas første fullskala skipstunnel. Vi er allereie godt i gang med å etablere ein prosjektorganisasjon, utarbeide konkurransegrunnlag og klargjere for anbod, og kan starte byggina av skipstunnelen i 2022, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Kontaktperson: kystdirektør Einar Vik Arset, tlf:  976 64 308

Vi har nyleg laga podkast om Stad skipstunnel, den finn du her, https://www.kystverket.no/Om-Kystverket/podkast/  

 

Siste nytt