Publisert: , Oppdatert:
- Olav Helge Matvik

Stor prosjektportefølje med tiltak under 100 millionar kroner

I Nasjonal transportplan 2022–2033 er det sett av om lag 2,5 milliardar kroner til mindre farvasstiltak. Dette er investeringstiltak som er planlagt på same vis om større farvasstiltak, men som har ein gjennomføringskostand på mindre enn 100 millionar kroner. Kystverket har per i dag ein portefølje på 44 tiltakspakkar under 100 millionar kroner.

Hør om NTP og satsingen på kysten og sjøtransporten i Kystpodden. Gjester er kystdirektør Einar Vik Arset og seniorrådgiver Beate Hundnes. 

For at ressursane skal bli best mogeleg utnytta bør fleire tiltak bli gjennomført samla. Ei slik samanslåing i gjennomføringsfasen kan vere basert på ei geografisk samling av tiltak og/eller ei tematisk samling knytt til at prosjekta krev like leveransar (utdjuping, merkefundament etc).

– Ei samla løyving til tiltak under 100 millionar kroner gir oss ein større fleksibilitet og gjer det enklare å planlegge og utføre ulike tiltak over ei lengre strekning. Då får vi ei meir effektiv gjennomføring av prosjekta, og ei mindre «stykkevis og delt» utbetring av farleiene, seier leiar for utbyggingsavdelinga i Kystverket, Jostein Bøhlerengen Moe.

Dei 44 tiltaka i denne porteføljen omfattar prosjekt som skal gjere farleier breiare, djupare og rettare, og slik lette manøvreringa. Prosjekta inneber også ny merking av farleiene. Vedlikehaldstiltak i farvatnet, slik som vedlikehaldsmudring og vedlikehald av moloar og kaier i Kystverkets eige, inngår også i tiltaksporteføljen.

Tidspunkt for gjennomføring vil avhenge av dei årlege budsjettløyvingane og korleis kostnadar og nyttevurderingar utviklar seg ved vidare optimalisering av tiltaka.

Kontaktperson

Kommunikasjonsdirektør Solveig Moe Frøland, tlf 92208089

Dette er dei 44 tiltaka: 

Korridor

Fylke

Kommune

Tiltakspakke

Type tiltak

1

Viken

Fredrikstad og Hvaler

Strømtangen-Furuholmen

Navigasjonsobjekt

1

Viken

Asker og Frogn

Håøya vest/Drøbaksundet

Utdyping og navigasjonsobjekt

1

Viken

Moss

Innseiling Moss

Utdyping og navigasjonsobjekt

1

Viken

Halden

Innseiling Halden

Utdyping og navigasjonsobjekt

3

Agder

Kristiansand

Vestergapet

Navigasjonsobjekt

3

Agder

Farsund og Lyngdal

Grønsfjorden og Ullerøysundet

Navigasjonsobjekt

3

Rogaland

Klepp, Randaberg og Sola

Feistein-Tungenes

Navigasjonsobjekt

3

Vestfold og Telemark

Færder

Færder

Utdyping og navigasjonsobjekt

3

Viken

Færder, Larvik og Sandefjord

Larvik - Færder, indre hovedled

Navigasjonsobjekt

4

Møre og Romsdal

Herøy

Flåværleia merking

Navigasjonsobjekt

4

Møre og Romsdal

Giske og Ålesund

Innseiling vest Ålesund

Utdyping og navigasjonsobjekt

4

Møre og Romsdal

Sande og Vanylven

Søre Sunnmøre

Navigasjonsobjekt

4

Rogaland

Kvinnherad og Vindafjord

Ølen-Høylandsbygd

Navigasjonsobjekt

4

Rogaland

Haugesund og Karmøy

Nordlig Innseiling Haugesund

Utdyping og navigasjonsobjekt

4

Rogaland

Bokn og Karmøy

Karmsundet-Innseiling Husøy indre havn-Våråvågane

Utdyping og navigasjonsobjekt

4

Rogaland

Stavanger

Innseiling Stavanger havn

Utdyping og navigasjonsobjekt

4

Vestland

Askvoll og Sunnfjord

Førdefjorden

Navigasjonsobjekt

4

Vestland

Bergen

Innseiling Vågen

Utdyping

4

Vestland

Askøy og Øygarden

Bergen-Sture

Navigasjonsobjekt

4

Vestland

Bremanger og Kinn

Skatestraumen-Fåfjorden-Vågsfjorden-Måløy sør

Utdyping og navigasjonsobjekt

4

Vestland

Solund

Ytre Steinsund

Utdyping og navigasjonsobjekt

4

Vestland

Austrheim og Gulen

Fedjefjorden - Fensfjorden - Djuposen

Navigasjonsobjekt

4

Vestland

Austevoll, Bergen, Bømlo, Fitjar og Øygarden

Bømlafjorden-Bergen

Navigasjonsobjekt

4

Vestland

Aurland

Nærøyfjorden-Norafjorden

Navigasjonsobjekt

4

Vestland

Kinn

Alden-Askrova

Navigasjonsobjekt

4

Vestland

Kinn

Ulvesundet

Utdyping og navigasjonsobjekt

4

Vestland

Bremanger og Kinn

Florø-Frøysjøen

Utdyping og navigasjonsobjekt

4

Vestland

Kinn

Mortingbåen

Utdyping

4

Vestland

Kinn

Innseiling Florø

Utdyping og navigasjonsobjekt

7

Nordland

Bindal og Sømna

Helgelandsflæsa

Navigasjonsobjekt

7

Nordland

Alstadhaug

Alstadhaugfjorden merking

Navigasjonsobjekt

7

Nordland

Dønna, Lurøy og Nesna

Innseiling Åsvær

Utdyping og navigasjonsobjekt

7

Nordland

Leirfjord og Vefsn

Vefsnfjorden og Mosjøen

Navigasjonsobjekt

7

Nordland

Brønnøy og Vega

Brønnøysund nord

Navigasjonsobjekt

7

Trøndelag

Nærøysund

Dolmsundet

Utdyping og navigasjonsobjekt

7

Trøndelag

Osen og Åfjord

Bessaker-Osen merking

Navigasjonsobjekt

7

Trøndelag

Nærøysund

Hummelråsa

Utdyping og navigasjonsobjekt

8

Nordland

Harstad

Toppsundet og innseiling Harstad

Utdyping og navigasjonsobjekt

8

Nordland

Vestvågøy og Vågan

Stamsund - Svolvær

Utdyping og navigasjonsobjekt

8

Nordland

Andøy

Risøysundet og Risøyrenna

Utdyping og navigasjonsobjekt

8

Nordland

Bodø

Landegodefjorden nord

Utdyping og navigasjonsobjekt

8

Nordland

Sortland

Sortlandssundet

Utdyping og navigasjonsobjekt

8

Troms og Finnmark

Tromsø

Rystraumen

Navigasjonsobjekt

8

Troms og Finnmark

Harstad

Harstad - Finnsnes

Utdyping og navigasjonsobjekt

 

 

 

Siste nytt