Publisert: , Oppdatert:

Verktøy for risikovurdering i Arktis

Å operere i arktiske farvatn medfører risiko som skil seg frå andre områder i verda. Til no har aktørane som jobbar her ikkje hatt noko godt felles verktøy for risikovurdering som inkluderer desse risikofaktorane. Kystverket har leia eit arbeid for å utvikle eit verktøy  som kan bidra til auka sikkerheit for skipstrafikk i Arktis.

I Arktiske strøk eksisterer farar som ein stort sett ikkje finn i andre område.  Risikomomenta er for eksempel sjøis, hurtig endring i vêrforhold og store avstandar til assistanse og beredskapsressursar. For å unngå uønska hendingar som kan gi tap av menneskeliv, forureining eller materielle skader, er det difor avgjerande at alle som opererer i dette enorme området tar gode førehaldsreglar. Dei treng å gjere gode risikoanalyser for å forstå korleis desse Arktis-spesifikke risikoane kan påverke operasjonane.

Kystverket tok initiativ til å utvikle retningslinjer og ei verktøykasse for å kunne gjere betre spesifikke risikoanalyser for Arktis.

Nyttige lenker:
Nyhetssaken som forklarar prosjektet. 

Brosjyre som beskriver prosjektet og retningslinjene. 

Nettløsningen for det nyutvikla verktøyet 

Siste nytt